400 kilo stein raste frå taket i Fløyfjelltunnelen

Tunnelen vart stengt mot Åsane - vart opna i 11.30-tida.

DEL

(BA): Politiet fekk melding klokka 09.30 om at ein bil hadde fått motorstopp i tunnelens nordgåande løp.

Eitt felt blei stengt mens bilen med dei to personane heldt inne til sida.

Sjåføren opplyste overfor politiet at dei hadde køyrt inn ein del stein eller grus som låg midt i vegen inne i tunnelen. Det førte til motorhavariet.

– Vi antar at steinane stammar frå taket, seier operasjonsleiar Frode Kolltvedt i Vest politidistrikt til BA.

Store mengder

Ifølge Vegtrafikksentralen er det store mengder som har rast frå taket.

– Entreprenøren er på staden og undersøker no. Han anslo at det var stein på rundt 300-400 kilo som har rast frå taket, seier trafikkoperatør Katrine Kvåle.

Natt til torsdag blei det utført arbeid i tunnelen.

– Det blei påført sprutbetong, og det er delar av dette som har rast ned. Truleg var det ikkje tilstrekkeleg tørka, seier trafikkoperatør Morten Hansen ved Vegtrafikksentralen.

Heile tunnelen er no stengt i nordgåande retning, i påvente av at Statens vegvesen skal rydde vegen.

Ein bergingsbil er også bestilt for å fjerne bilen.

– Den har fått mindre materielle skadar. Ingen av personene er skadd, seier Kolltvedt.

Lange køar

Korleis steinen har losna frå taket, er førebels uvisst.

Tunnelstenginga har forårsaka lange køar, både mot Danmarksplass og omkøyringsvegen gjennom Bergen sentrum.

– Entreprenøren slapp akkurat gjennom dei bilane som stod og venta på utsida av tunnelen. Men den er framleis stengt og køen står i stampe heilt til gamle Nygårdsbro. Det er også køar gjennom sentrum. Heldigvis skjedde ikkje dette i den verste rushtida, seier Kvåle.

Klokka 11.35 melde Vegtrafikksentralen vest at tunnelen var opna att.

Artikkeltags