Helikoptertrafikken offshore vart lamma då server skulle bytast

KOMPLIKASJONAR: Feil på eit IT-system for booking lamma helkoptertrafikken i Nordsjøen on

KOMPLIKASJONAR: Feil på eit IT-system for booking lamma helkoptertrafikken i Nordsjøen on Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Ut på ettermiddagen kom trafikken i gang igjen, men mange som skal ut på plattformer må nok bu seg på å vente ei stund.

DEL

IT-selskapet som skulle bytte server for bookingsystemet DaVinchi møtte på komplikasjonar. Det første faktisk til at all helikoptertrafikk offshore vart lamma, skriv Firdaposten.

Service Delivery Manager i Bristow, Petter Sem-Henriksen kunne fortelje at trafikken var i gang igjen ved 14.40 tida, men at det var store forseinkingar.

Dermed sit mange framleis rundt om på flyplassane og ventar.

– Datasystemet DaVinchi som vi nyttar, registrerer kven og kor mange personar som er på dei ulike plattformene i Nordsjøen til ei kvar tid. Dette er vital informasjon for oss, og når dette skal handterast manuelt fører det dessverre til forseinkingar, seier Sem-Henriksen. Han fortel det har letta helikopter ifrå Bergen og Stavanger tidlegare i dag, men at det no skal flygast over heile landet.

– Selskapet som leverer desse IT-løysingane for oss jobbar febrilsk med å få systemet opp å gå. Vi håpar feilen blir raskt retta opp slik at personell kan transporterast ut til plattformene etter plan, svarer han.

Artikkeltags