Nordhordlendingar skal setta farge på sykkel-VM

Serlina, Ausekarane og Claus Sellevoll skal underhalda sykkel-fans under VM i Bergen.

Serlina, Ausekarane og Claus Sellevoll skal underhalda sykkel-fans under VM i Bergen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sykkel-VM har sleppt sitt kulturprogram.

DEL

I førre veke melde BA at sykkel-VM-arrangørane mislykkast i å få Kygo til å opptre under meisterskapen. Det har også tidlegare komme sterke reaksjonar frå fleire hold rundt kulturprogrammet i forbindelse med meisterskapen. Blant anna at man har komme for seint i gang med arbeidet.

Les saka: Raser mot sykkel-VM

Strøm blir konferansier

I slutten av juni vart det klart at Jan Eggum skulle vere eit av trekkplastera under meisterskapen. Tysdag klokka 1200 presenterte de to selskapa, Kulturoperatørene og Unison, som arrangørane har tilsett for å lage eit kulturprogram hele lista (sjå den i botn av saka). Tarjei Strøm var konferansier. Han skal også lede opningsseremonien på Torgallmenningen laurdag 16. september.

– Det som har vore dumt med kritikken er vel at BA på leiarplass slaktet programmet før det var klart, seier Storheim til BA etter pressekonferansen. Han stiller saman med Sølvi Ones – de to som har hatt hovudansvaret for utforminga av programmet med eit budsjett på åtte millionar kroner.

– De fekk jobben med å lage kulturprogrammet til VM i februar. Hadde de hatt for dårleg tid?

Det har vore veldig intenst, men vi presenterer jo eit program her i dag, seier Storheim.

– Det som har vore krevjande og som har tatt tid er jo å få oversikt over korleis byen ser ut under VM. Korleis vi kan arrangere ting som er til det beste for publikum, legger Ones til.

– Det har vore mykje kritikk og negativitet rundt kulturprogrammet. Korleis har det påverka arbeidet dykkar?

– Kritikken som har komme har ikkje påverka arbeidet vårt, heller arbeidslysten. Vi skulle ikkje lage eit konsertprogram, men eit kulturprogram som speglar hele det kulturelle Bergen. Derfor tok vi blant anna tidleg kontakt med institusjonar som Kode og Bergen Kunsthall, seier han.

– Men eg syns jo at vi gjennom det vi presenterer her i dag tilbakevisar kritikken som har komme. Det er folk som har spurt om det ikkje kjem meir enn Jan Eggum. Vi har hele tida visst at det gjorde det, fortel Ones.

Spinning

Tysdag 19. september er det duka for Ausekarane-konsert på hovudscenen på Torgallmenningen.

– Trommeslageren vår, Espen Vågstøl, er vel den som syklar mest av karane. Han er jo spinninginstruktør!, bryt Bjørn Jensen.

– Eg bor ikkje så langt frå Ove Thue, så når eg ser han ta ut sykkelen sin hentar eg fram min og tar meg eit liten tur rundt Nordåsen, skyt Tor Endresen inn.

De to spilte saman med resten av Ausekarane på Torgallmenningen på 17. mai og de liker det store formatet.

– Kvar gang vi har spilt der har det vore kjempesuksess, så det blir garantert det denne gangen også.

– Korleis trur du den utanlandske sykkelfansen vil ta imot Ausekarane?

– De gongene vi har spilt for utlendingar har de blitt helt elektriske, vi spilte blant anna for nokre skottar eit gang. Du skjønner, det eit eit forrykande potens og eit vitalitet i musikken vår, i kystkulturen. Det forstår utlendingane, seier Endresen.

Ausekarane
Serlina
Claus Sellevoll
Fargespill
Razika
Stein Urheim
Real Ones
Sjøforsvarets musikkorps
Boy Pablo
Dårleg Vane
Myrna Braza
Stig van Eijk
Vennebyen-show
Miss Tati
Christine Gulbrandsen
Ephemera
Eirik Søfteland
Ove Thue

Kvar kveld skal det også arrangerast «VM-spezial» på Ole Bull med Finn Tokvam. DNS arrangerer vandreforestillinga «Ibsen at Engen». I tillegg blir det såkalla bike-in-kino på Verftet.

Artikkeltags