Forventar 200.000 tilskodarar i Bergen i helga – Slik kjem du deg til sykkelfesten frå Nordhordland!

Det var ellevillt med folk i Bergen då Edvald Boasson Hagen sykla gjennom folkehavet opp mot Fløyen under tempo individuell menn elite under VM i landevegssykling i Bergen onsdag. I helga vert det truleg mange gonger så mykje folk i Bergens gater, og nordhordlendingane vil ha det med seg.

Det var ellevillt med folk i Bergen då Edvald Boasson Hagen sykla gjennom folkehavet opp mot Fløyen under tempo individuell menn elite under VM i landevegssykling i Bergen onsdag. I helga vert det truleg mange gonger så mykje folk i Bergens gater, og nordhordlendingane vil ha det med seg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

No stoppar endeleg shuttlebussen på Flatøy!

DEL

Sykkel-VM i Bergen har vore ein gigantisk opptur for mange. Titusenvis av menneske omkransa løypene både på søndag og onsdag under høvesvis lagtempo og individuell tempo. Berre oppover mot Fløyen var det mellom tolv og femten tusen mennske. Det var så mykje folk der at ein var nøydd til å stenga av tilgangen til Fløyen.

Men det er berre barnemat mot kva som ventar ein i helga.

På laurdag reknar ein med at heile Bergen vert ein gigantisk fest på ettermiddag og kveldstid og på søndag reknar ein med hundretusenvis av menneske langs løypa for å få med seg hovudattraksjonen i VM, nemleg fellesstarten for menn.

Kor tid går bussen?

Det er dette som verkjeleg er den attraktive konkurransen i VM og den som får verdas auger retta mot Bergen og Vestlandet.

Som dei fleste etterkvart har fått med seg er det utfordrande å køyra bil inn mot Bergen og arrangøren oppmodar alle om å reisa kollektivt.

For å få folk til å gjera det har dei sett inn ei rekkje shuttlebussar i tillegg til det ordinære rutetilbodet. Med 32 ekstra shuttlebussar blir Knarvik den store kollektivvinnaren under Sykkel-VM.

Bussane går kvart 20. minutt frå skyss-stasjonen i Knarvik. På laurdag går fyrste buss frå Knarvik klokka 12 og siste har avgang klokka 23.09.

På søndag går fyrste buss klokka 10 og siste buss frå Knarvik klokka 21. Det nye denne helga er at bussane går innom Flatøy også, begge vegar.

Men skal du ha billett til direktebussen må du vera førebudd.

Bussar på Flatøy.

Bussar på Flatøy. Foto:

– Dette er innleigde turbussar utan Skyss sitt billetteringssystem, seier pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.

Det betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett inne på bussen – du må kjøpe han på førehand.

– Har du gyldig periodebillet går du berre om bord, seier Dreyer.

Skal du på shuttlebuss utan periodebillett er det apper som gjeld. For første gong vil det vere mogleg å bruke Skyss sin billett-app i Knarvik.

– Du kan kjøpe eigen VM-billett i billett-appen. Den er gyldig på shuttlebussane, seier Dreyer.

VM-billetten er ikkje gyldig som billett på vanleg buss utanfor sone Bergen.

Du kan og ta båten til Bergen i helga!

Man kan også kjøpe VM-billettane i Vipps-appen.

Det er også fullt mogleg å ta båten til Bergen i helga.

23. og 24. september vil det gå ni avgangar frå kaien på Knarvik.

– Det gjer vi fordi vi reknar med at det blir fleire folk som vil reise til byen den helga, seier Dreyer.

Fyrste avgang er klokka 12 frå Knarvik og den går innom Frekhaug. Deretter vil det gå båt ein gong i timen. Merk at det er berre avgangane klokka 12.06, 13.06, 14.06, 15.06, 16.06 og 17.06 som går frå Frekhaug og til Bergen.

Heim igjen er det avgangane 17.33, 18.33, 1933 og 20.33 som går via Frekhaug.

På båten gjeld vanlege prisar for båt. VM-billetten er ikkje gyldig.

Artikkeltags