Fleire bussar mellom Knarvik og Bergen under Sykkel-VM

Linjekartet til Skyss viser direktelinjene som er sett opp under Sykkel-VM.

Linjekartet til Skyss viser direktelinjene som er sett opp under Sykkel-VM. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Medan bergensarane sutrar over dårleg kollektivtilbod, blir busstilbodet mellom Knarvik og Bergen sentrum faktisk betre under sykkel-VM.

DEL

I perioden 16. til 24. september blir vegar i og rundt Bergen stengt på grunn av Sykkel-VM. Mange i Bergen må la bilen stå samtidig som busstilbodet blir dårlegare – til bergensarane sin store frustrasjon.

For å få transporten til å gå opp under Sykkel-VM har Skyss bestemt seg for å setje opp 32 ekstra shuttlebussar. Bussane skal gå frå morgon til kveld til og frå sju terminalar.

Mellom anna vil det gå buss til og frå Knarvik busstasjon kvart 20. minutt i perioden 0600 til 2100 i vekedagar og mellom 1200 og 2400 laurdag og søndag.

Det kjem i tillegg til det ordinære busstilbodet og gjer Knarvik til ein av dei store kollektivvinnarane i VM-veka.

Direktebussar

På heimesidene sine opplyser Skyss at bussane er innleigde turistbussar og at dei difor ikkje vil vere i «Skyss-profil». Det betyr òg at det ikkje vil vere billetteringsutstyr på bussane. Billetkjøp må difor gjerast før ombordstiging, heiter det på Skyss sine heimesider.

Det vil vere mogleg å kjøpe billettar i app, på automat og gjennom Vipps.

Alle ekstrabussane vil gå direkte. Det vil ikkje vere mogleg å hoppe av eller på mellom Bergen busstasjon og Knarvik busstasjon.

Fordi delar av Bergen Sentrum, mellom anna Bryggen, er stengt under Sykkel-VM vil ingen bussar gå gjennom Sandviken i perioden mellom 8.30 og 19 dei fleste dagane under VM.  Bussane til Nordhordland vil gå frå Bergen busstasjon gjennom Fløyfjellstunnelen og motsatt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken