(BA) Det melder Kristian Bauge, seniorrådgjevar i Statens vegvesen. Det vil si at nå kan styresmaktene sette i gang prosessar for å ta betalt også for elbilar.
Men, som alltid, er det nokre formalitetar som skal løysast. Bergen kommune og Hordaland fylke har vedtatt at hydrogenbilar skal vere gratis uansett.
Dette stretar staten i mot, og her er ein floke som må løysast.
– Miljøløftet har bedt om å få innføre egne takstar for hydrogenbilar. Det andre alternativet er at kommune og fylke innfører egne takstar i et nytt vedtak, seier Kristian Bauge.
Han ser for seg at elbilane må begynne å betale i løpet av første kvartal i 2019.
– Eg vil ikkje gi ein dato på dette, seier han. – Men det blir i løpet av våren i alle fall.
– Trur du dette betyr noko for el-bil-salet?
– Det er godt mogleg, men det er framleis lukrativt med tanke på drivstoff, drift og forsikring. Bompengane er berre ein liten del av bilhaldet, seier Bauge.
Kunngjeringa av nye takstar vil skje mellom fire og seks veker før innføringa.

Elbileigarar risikerer bompengar: Slik reagerer elbileigarane i Meland
– Forsinkar utviklinga
Ståle Frydenlund, seniorrådgjevar i Norsk elbilforening, meiner at innføringa av bompengar vil forsinke el-bilutviklinga.
– Fritak frå bompengar er den viktigaste lokale el-bilfordelen for å overtyde alle om å bytte til bil med nullutslepp innan 2025, sa han til BA då vi omtalte tala frå oktober.
Norsk elbilforening meiner at norsk el-bilpolitikk er ein suksess, men de meiner likevel at man ikkje vil komme opp i høgt el-bilsal utan et bredt spekter av insentiv. Der er bompengefritaket den viktigaste bruksfordelen.
Foreininga synest det bra at Bergen koplar innføring til andel, men skulle gjerne sett at det ville bli gjort litt annleis.
– Vi meiner andelen bør vere høgare før innfasing startar. Altså: 25 prosent betaling ved 25 prosent andel og 50 prosent betaling ved 50 prosent andel, seier Frydenlund.
12,5 millionar i månaden
Når bompengetaktene i Bergen vert regulert 1. januar 2019, i tråd med utviklinga av konsumprisindeksen, vil personbilar gå opp éin krone utanfor rush og to kroner i rushtida.
Dette gjeld både diesel og bensinbilar, og det vil koste høvesvis 30 og 25 utanfor rushtida og 56 og 51 i rushet.
I Bergen er det vedtatt, i avtalen om Miljøløftet, at el-biler og andre nullutsleppsbilar skal betale om lag halv pris av bompengeavgifta av bensinbil, som vil si at det vil koste 20 kroner i rushet og 10 kroner utanom.
– Kor mange fleire millionar kroner vil det bety, cirka, i inntekter på årsbasis at elbilane også må betale i ytre og indre ring?
– Her er naturlegvis føresetnadane viktigare enn resultatet, men våre grove tal viser at vi kan vente om lag 12,5 millionar kroner per månad, eller cirka 150 millionar kroner per år i bompengeinntekt frå nullutsleppskøyretøy, fortel Ingrid Feet Bjørgo om de grove berekningane for inntekt frå el-biler som passerer bompengestasjonane.
Ho presiserer at inntektene allereie er lagt til grunn i finansieringsberekningane for bypakken for 2019:
– Det er altså ikkje nye inntekter.

Dette mener bergenserne om bompenger for el-biler