Gå til sidens hovedinnhold

Ventetida er over på Flesland: – Helt fantastisk

Artikkelen er over 3 år gammel

No vert den splitter nye terminalen på Bergen lufthamn tatt i bruk for fullt.

Klokka 0553 torsdag morgon letta det første flyet med passasjerar som vart slusa gjennom den nye terminalen. 

Nokre timar seinare møtte BA eit sprudlande ektepar klar for avreise til Alicante.

– Terminalen er blitt helt fantastisk. Det er så fint her, seier Tore Østenstad.

– Og det er så stort at du merkar ikkje folkemengda. Med så mange menneske i gamleterminalen ville det vore kø over alt. Her glir det veldig bra. Avinor har gjort ein kjempejobb, fortset han.

Kona Eli Østenstad nikkar anerkjennande.

Heftig kapasitetsløft

Med den nye terminalen aukar arealet frå 22.000 til 85.000 kvadratmeter.

Kapasiteten aukar til 7,5 millionar passasjerar i året. I 2016 reiste nærmare seks millionar passasjerar via den gamle terminalen.

 

Torsdag formiddag står statsminister Erna Solberg for den offisielle opninga av terminal 3 på Bergen lufthamn Flesland.

– Er det ikkje fint her, bryt Solberg ut idet ho møter pressa.

Les også: 400 prøvekaninar på nye Flesland: – Utruleg gøy!

– Det var på høy tid å få på plass ein ny terminal med tanke på sprengt kapasitet på den gamle med lange køar i sikkerheitskontrollen og folk som mister flya sine. Dette er ein terminal for framtida, seier Solberg.

På spørsmål om flytrafikken bør avgrensast av miljøomsyn, svarer Solberg at Norge er eit langstrakt land som flyr mykje og at den nye terminalen satsar på biodrivstoff.

– Det er vegen å gå for å avgrense utsleppa, seier statsministeren.

Det einaste som vil bestå på den gamle terminalen er gatene, taxfree og passkontroll. Alle andre funksjonar blir å finna i den nye terminalen.

 

Nytt p-system

– Vi er veldig fornøgde med sluttproduktet. Terminalen vart enda betre enn eg hadde sett for meg, seier Norvald Thue, Avinors prosjektdirektør for terminal 3.

Han meiner det at T3 er blitt bygget på tre år, er svært raskt levert.

– Passasjerane kan vente seg mykje mindre kø, fleire spisestader og meir trivelege lokale med meir dagslys. Nå gleder vi oss til å gå i gang med arbeidet på den gamle terminalen og oppgradere den til ein standard som kan stå i stil til den nye, seier Thue.

I forbindelse med nyopninga vert det og innført eit nytt parkeringssystem med automatisk skiltgjenkjenning.

– Systemet går ut på at alle biler som køyrer inn på parkeringsplassane blir automatisk registrert, slik at ein slepp å trekka parkeringsbillett, uttalar kommersiell sjef ved Bergen lufthamn, Aina Tysse.

Bilistar kan velja å betala parkeringsavgifta på betalingsautomatar, via appen Mobilparkering eller ta imot ein faktura. Det er også mogleg å registrere seg som kunde via nettsida og bli belasta direkte.

Det er gratis å stå parkert mindre enn fem minutt på parkeringsplassen dersom man køyrer nokon som skal ut og reise.

Les også

Slik blir nye Flesland

 

Kommentarer til denne saken