Fleire tusen elevar skulka skulen for miljøsak. Sjå bildeserien her!

14. mars 2019, kl. 21:00

Denne veka vert det arrangert miljøaksjonar i heile Noreg. I dag vart det arrangert ein stortstilt aksjon på Torgallmenningen kor fleire tusen elevar møtte opp. BA skriv at streiken er inspirert av den svenske jenta Greta Thunberg som droppa skulen for å sitje utanfor den svenske riksdagsbygninga i skuletiden, kvar dag frå 20.august til valet 9.september. Thunberg har inspirert ungdom i fleire land til å droppe skulen og protestere mot klimaendringane.