Sjå direkte på Nordhordland.no frå klokka 18.45: Slik skal grasrota få sin hyllest

17 prisar skal delast ut til spelarar og trenarar i lågare divisjonar. Slik blir Lokalfotballgallaen.

DEL

Laurdag kveld arrangerer BA i samarbeid med Hordalandsfotball og Scandic Håkonsgaten tidenes fyrste lokalfotballgalla i Bergen.

Det kjem over 200 gjester. 17 prisar skal delast ut. Det er 50 nominerte spelarar og trenarar frå 3.-, 4.- og 5. divisjon for herrar og 2.- og 3. divisjon for kvinner.

Heile gallaen kan du som er abonnent følga direkte på Nordhordland.no frå klokka 18.45 laurdag kveld. Det er BA som produserer det heile, og sendinga er ein stor produksjon, med fire kamera som skal fanga opp alt som skjer ved borda og på scena.

– BA viser igjen at vi tar lokalfotballen på alvor. Vi legg mykje ressursar i dette, og vi gler oss veldig til å hylla grunnsteinen i norsk fotball, seier nyheitsredaktør i BA, Rune Eriksen.

Han skal saman med Bernt-Erik Haaland losa gjestar og sjåarar gjennom gallaen.

Sjefen: BAs nyhetsredaktør, Rune Eriksen, skal lede lørdagens lokalfotballgalla. 17 priser skal deles ut til spillere og trenere i lavere divisjoner. – Det blir et ordentlig opplegg, og noe vi håper kan bli en tradisjon i årene fremover, sier Eriksen. FOTO: Eirik Hagesæter

Sjefen: BAs nyhetsredaktør, Rune Eriksen, skal lede lørdagens lokalfotballgalla. 17 priser skal deles ut til spillere og trenere i lavere divisjoner. – Det blir et ordentlig opplegg, og noe vi håper kan bli en tradisjon i årene fremover, sier Eriksen. FOTO: Eirik Hagesæter

Celebre gjester

I tillegg til dei forskjellige laga, står det fleire kjente namn på gjestelista.

Dei tidlegare Brann-backane Geirmund «Geddi» Brendesæter og Erlend Hanstveit, Arna-Bjørnar-profilane Maria Brochmann og Ingrid Stenevik og TV 2-legenda Davy Wathne er blant prisutdelarane.

Han kan bli Årets trener

– Det blir eit ordentleg opplegg, og noko vi håpar kan bli ein tradisjon i åra framover. Det vi har sett denne sesongen, er at lokalfotball betyr mykje for folk, seier Eriksen, med tilvising til svært gode sjåartal på kampane BA har vist frå lågare divisjonar.

– BA skal fortsetta å satsa på lokalfotball. Neste sesong skal vi visa Sotra i 2. divisjon og eit godt utval kampar frå 3. divisjon. Vi skal også forsøka oss på ein «grasrot»-kamp frå endå lågare divisjonar, seier BAs nyheitsredaktør.

Tøff jobb for juryen

Juryen, beståande av nemnde Eriksen og Haaland, i tillegg til Odd Løvset frå Hordalandsfotball og BA og Avisa Nordhordlands lokalfotballguru, Per Kolstad, har hatt ein tøff jobb med å kåra vinnarar.

De ofrar alt for klubbene sine

– Vi er modne og rutinerte gutar, så det har gått fint for seg. Det var sjølvsagt litt forskjellige meiningar, men vi kom til slutt til semje, fortel Kolstad.

– Menneskelege eigenskapar, sportslege ferdigheiter og hjarte for det dei held på med er tre ting juryen har lagt vekt på, seier BA-eksperten, som følger over 1000 kampar i sesongen!

Program

Klokken 18.45: Sendingen starter. Vorspiel med gjester i studio.

19.00: Offisiell åpning. Rune Eriksen ønsker velkommen.

19.03: Første pris: Årets sosiale medier-klubb.

19.08: Årets Spiller 5. div. avd. 3

19.13: Årets Spiller 5. div. avd. 2

19.18: Årets Spiller 5. div. avd. 1

19.23: Årets Vertskapsklubb

19.28: Årets Spiller 4. div. avd. 2

19.33: Årets Spiller 4. div. avd. 1

19.38: Årets Dommer

19.43: Årets Spiller 3. div. kvinner

19.48: Årets Frivillige

19.53: Mingling, med intervju av vinnere, gjester og publikum.

20.10: Årets Spiller 2. div. kvinner

20.15: Årets Lag

20.20: Årets Spiller 3. div. menn

20.25: Årets Trener kvinner

20.30: Årets Trener menn

20.35: Årets Videosnutt

20.40: Årets Hederspris

21.00: Sendingen, og lokalfotball-sesongen 2018 er over.

  • Med forbehold om endringer.

Artikkeltags