Gå til sidens hovedinnhold

Tesla doblar talet på tilsette

Artikkelen er over 3 år gammel

Skal tilsetta 300 nye servicemedarbeidarar i Norge.

(Nettavisen:) Dei siste fem åra er det registrert meir enn 22.000 Teslaer i Norge. Den største veksten skjedde i fjor, då heile 8460 biler vart registrert i Norge, skriv Dagens Næringsliv.

Det skriv Nettavisen.

Dette har ført til auka press på service og verkstadkapasiteten har vore sprengt for nokon av Teslas servicepunkt.

Tidlegare i februar skreiv BA om frustrerte Tesla-eigarar som ønska å heva kjøpet. Ein mann hadde eigd bilen i fem månader, men berre disponert den i omkring seks veker. På grunn av problem måtte den settast på verkstad.

Etter først å ha fått bilen tilbake måtte han levera den inn igjen på verkstad etter å ha brukt den i tre veker.

– Vi opplever å ikkje få svar, ikkje få tak i rette vedkommande og at ingen ringer oss tilbake. Vi veit ikkje kva som skjer med bilen, sa bileigaren oppgitt til BA.

Les også

Elbilforslag utløyste debatt i kommunestyret

 

Tesla har i dag 11 servicesenter i Norge ifølge eigne nettsider. Dette vert utvida med eit stort nytt servicesenter utanfor Oslo. Etter det DN erfarer vil det nye servicesenteret opna før sommaren.

Tesla skal også oppskalera sine eksisterande sentre i Norge.

– Vi skal tilsetta meir enn 300 nye servicemedarbeidarar i Norge i 2018, noko som vil gi ei ytterlegare forbetring i servicekapasiteten vår. Vi doblar gradvis bemanninga og timeplanane ved våre hovudlokasjonar i Norge, noko som vil gi lengre opningstider og større evne til å betena kundar, seier PR-ansvarleg i Tesla Even Sandvold Roland til DN.

Han stadfestar og at dei kjem til å utvida servicesenteret i Bergen.

Les også

10.000 bilar i Nordhordland får dyrare tur til Bergen – Utvidinga av bomringen klar om mindre enn eit år

 

Kommentarer til denne saken