Skal riva heile fylkesbygget

Fylkesbygget i Bergen sentrum skal jevnes med jorden.

Fylkesbygget i Bergen sentrum skal jevnes med jorden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er fylkesutvalet som har bestemt at det noverande fylkeshuset skal rivast.

DEL

(BA) Det kjem fram i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Fylkesutvalet har bestemt at det skal byggjast to heilt nye tårn på tomta i Bergen sentrum.

Prislapp: 941 millionar kroner.

Det nye fylkeshuset vil bli 27.000 kvadratmeter stort, og ha plass til 1100 personar.

Til samanlikning er det noverande fylkeshuset på 20.649 kvadratmeter, og huser 450 tilsette.

Saka held fram under bildet.

Vert riven i 2020

I mars i år skreiv BA om at fylkespolitikarane gjekk inn for å bygga eit nytt administrasjonsbygg til like over 600 millionar kroner. Dette innebar rehabilitering og utviding at det allereie kjente bygget.

Då var planen å bygga på 6300 kvadratmeter i bakkant av tårnet. Samtidig var ideen å effektivisera arealbruken, slik at fylket kunne spara 13 millionar kroner i året på å leiga andre stader og samtidig ha plass til å leiga ut til andre.

No har politikarane likevel ombestemt seg.

– Årsaka er at heile det noverande fylkeshuset skal jamnast med jorda. Det er for lågt under taket i enkelte etasjar til at noverande berekonstruksjonar kan brukast, står det i pressemeldinga sendt ut torsdag.

Rivinga startar i februar 2020.

Innan den tid skal alle tilsette flytta til midlertidige lokale på Sandsli.

Ifølge Hordaland fylkeskommune vil det nye bygget stå ferdig i november 2022 – knappe tre år etter byggestart. Innan utgangen av same år, skal alle tilsette vera på plass i det nye fylkeshuset.

Fylkestinget vil gjennomføra den endelege godkjenninga av rom- og funksjonsprogrammet 2. og 3. oktober.

Pris- og designkonkurranse

I pressemeldinga står det vidare at det i løpet av neste månad vil bli lyst ut ein pris- og designkonkurranse.

Kontrakttildeling skjer i mars neste år, og fylkeskommunen ønsker eit samspel mellom partane for å sikra best moglege løysingar for det nye bygget.

I desember neste år skal forprosjektet godkjennast.

Færre parkeringsplassar

Det er i reguleringsplanen lagt til rette for ei stor sykkelparkering, garderobar, dusj og tørking av klede. Dette gjerast for å legga til rette for at flest mogleg kan nytta kollektivtransport, sykla eller gå.

Det vert redusert til 34 parkeringsplassar i fylkeshuset.

– Bilbruken blir dermed svært avgrensa og primært for miljøvennlege tenestebilar, skriv fylkeskommunen.

Artikkeltags