Gå til sidens hovedinnhold

Bergen innfører fleire smitteverntiltak for å få ned smittetalla

For å få ned smittetalla i kommunen har byrådet i Bergen bestemt seg for å innføre fleire nye smitteverntiltak, blei det opplyst på ei pressekonferanse torsdag.

Bergen har sidan byrjinga av juli hatt ein stigande smittetrend, og kommunen har hatt fleire møter med Folkehelseinstituttet i forkant av pressekonferansen.

Det siste døgnet har kommunen registrert 82 nye smitta. Over halvparten av smittetilfella er blant personar mellom 20 og 39 år.

Tiltaka Bergen innfører er blant anna:

  • Plikt til registrering og legitimering for gjester på serveringsstader.
  • Harmonisering av skjenketid ute og inne på skjenkestader.
  • Plikt om bruk av munnbind på serveringsstader når tilsette og gjester beveger seg i lokala og det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.
  • Besøksrestriksjonar på sjukeheim.
  • Anbefaling om å ikkje ha meir enn ti gjester i heimen. Fullvaksinerte kjem utanom.

Kommentarer til denne saken