Torsdag melder politiet i Nordhordland at Øystein Veland har vore sakna sidan tysdag 14. desember.
Pårørandekontakt Ole Kristoffer Tveiten seier til Avisa Nordhordland at politiet kjem til å setje i gang overflatesøk på laurdag frå klokka 10.30 til 14.30. Søket vil skje frå sjøsida ved Hagelsundet i Knarvik.
Politiet har allereie søkt på landsida.
Kort tid å søke på
Frivillige som vil hjelpe til i søket, og som har tilgang på båt, kan møte ved Isdalstø kai laurdag klokka 10.30.
Det er meldt klart, kaldt vêr og lite vind denne tida. Tveiten opplyser om at det vil vere kort til å søke på grunna mørketida.
– Vi håpar på at det blir klart og fint sånn at vi får god sikt. Problemet er at det er vintertid, noko som betyr at vi berre får ein kort periode med dagslys. Vi må utnytte dei timane vi har, seier han.
Har få detaljar
Politiet veit enno ikkje årsaka til at Veland har forsvunne.
– Det vi veit er at han er sakna i området. Vi veit ikkje sikkert at han har hamna i vatnet, men vi antar det, og det er hovudhypotesen vi går etter.