Tidlegare i sommar har det vorte rapportert om kilometerlange ferjekøar og om personar som har overnatta i bilen.

No håpar Statens vegvesen at alle reisande viser omsyn til andre reisande. I ei pressemelding oppmodar dei reisande til å vurdere alternative ruter eller å reise tidleg om morgonen eller seint på kvelden.

– Ja, det er køar knytt til ferjereiser, og dette kan bli eit større problem no som Noreg opnar for utanlandske turistar, seier fungerande avdelingsleiar Victor Størdal i ferjeavdelinga i Statens vegvesen.

Han seier dei er spesielt opptekne av trafikktryggleik og håpar reisande unngår å snu i køane.

Vegvesenet har allereie sett inn tiltak som å bestille ekstra fartøy til utsette strekningar og auke talet på avgangar.

Norled set inn ekstra avgangar, og melder at C-ferja på Lavik-Oppedal vil gå mellom 09.50 og 17.20 på laurdagar. Dette gjeld til og med 15. august.