Kari trudde sjølv ho skulle feira eit par forseinka bursdagar då ho kom til lunsj i kjellaren på Såtabu sist veke. Men bak hennar rygg hadde gode kollegaer stelt til ei overrasking. Lunsjbord med laks og kaker vart dekka, og ved døra stod to gode kollegaer klar med ein BegeistRing og sjølvlaga diplom.

Uttrykket ”falle ned frå månen” passar godt til å beskriva ansiktsuttrykket i det applausen tok til då Kari kom inn døra som siste gjest, og etterkvart forstod at det var ho sjølv dagen handla om.

– Nei, no trur eg at eg set meg rett ned, dette blei nesten for mykje. Åhhh, var alt ho fekk fram i nokre sekund.

Ein super sjef

– Då eg las i nh om BegeistRingen, tenkte eg straks på Kari, seier Gro Beate Dalseng som tok initiativet til utdelinga. Ho slår fast at Kari alltid har tid til å ta seg av alle, gjennom glede og sorg som ein opplever i denne typen jobb.

– Er det noko ekstra kjem ho alltid, anten ho er på jobb eller har fri. Kari tek vare på oss, og ser kvar enkelt, seier Gro Beate.

Rørt til tårer

Drøyt tjue av dei seksti på avdelinga var til stades under lunsjen, medan dei fleste av dei andre var på arbeid. Fleire hadde kome på ein fridag for å gjera stas på sjefen sin. Sølvi Ulvund las opp teksten på diplomet, for ein sjef som kjempa for å halda tårene unna:

”Den siste tida har det vore eit negativt fokus på heimesjukepleia. Oppfatninga er at det mellom anna vert brukt stoppeklokke, det er mangel på fagpersonale og ein arbeidsdag med tunge tak, stress og andre helsesskadelege faktorar. Vi i Knarvik heimeteneste er beviset på at det kan vera annleis, og at heimesjukepleia kan vera ein god arbeidsplass.

Og mykje av grunnen til dette er sjefen vår, Kari. Kari er ein svært travel sjef med mange jern i elden, men likevel er ho alltid lydhør og imøtekommande dersom det er noko ein vil snakke med henne om. Ho har ein utruleg positiv haldning og er engasjert i brukarar, pasientar såvel som personale/kollegaer. Ho er løysningsorientert og tar fatt i det som oppstår for å finne best mogleg løysing innan gitte ressursrammer. Ho er ein beslutningstakar, og er svært klar i sine meldingar.

Dette saman med stor og brei kunnskap gjer det trygt å ha henne som sjef. Kari er ein sjef som vi er svært glade i og som verkeleg er ein ressursperson. Ho motiverer poersonalet til å yte sitt beste og får oss til å bli engasjerte og motiverte i jobben vår. Ho er støttande og forståelsefull, og prøver å tilretteleggje til det beste for alle på ein rettferdig måte.

Med dette vil vi kollegaer i Knarvik heimeteneste gje deg BegeistRingen fordi du er ein inspirator, motivator, stødig som fjell og eit medmenneske.”

– Eg vert utruleg rørt, det går ikkje an å seia at ei slik tilbakemelding ikkje gjer noko med eit menneske, takka Kari som var raskt ute med å dela æra med kollegaene gjennom sju år etter at ho kom frå heimetenesta i Meland.

– Vi har ein utruleg samle gjeng. Eg hadde ikkje klart det utan kvar enkelt av dei som jobbar her. Trur ikkje mange arbeidsplassar har eit slikt samhald som oss, sa Kari.

Til øyredøvande latter la ho til at ikkje kven som helst får plass på laget, og at den begeistra avdelinga sterkt ønskjer seg fleire menn. Heldigvis ser ho ei utvikling som tyder på at fleire menn vel omsorgsyrke.

Diplom på stoveveggen

Diplomet skal få plass på kontoret, slår ho fast. Kari var elles raskt ute med å sjå nye bruksområde for utmerkinga.

– Eg trur eg må få ein kopi av diplomet som kan henga på veggen heime i stova og. Dersom det vert nokon som mukkar om noko, kan eg berre peika på diplomet, ler ho.

– Nåja, slik som du står på er du no vel knapt innom heimen, repliserte ein av dei tilsette, under ein lunsj som tydeleg viste at glimtet i auga pregar avdelinga.

– Får håpa eg klarar å halda fram, men eg trur ikkje eg kjem til å vera så veldig effektiv resten av denne dagen, avslutta ein rørt avdelingssjef.