Heilt uventa dukkar vi opp på Lygra Gjestegard ein heilt vanleg føremiddag. Vi veit at Jacob jr. skal vera der, men finn han ikkje heilt med det same. Han veit ikkje om besøket, og kjem plutseleg slentrande i bar overkropp, med ein klesbunke over armen. Eine båten har tatt inn mykje vatn og i to dagar har Jacob og ein ivrig hjelpar slite for å få den trygt på land.
Han slepp lura lenge på kva ærend kompisen Børje og bladfyken er ute i.
– Det er kjekt å kunna gje ei påskjøning med menneskelege eigenskapar som kriterie - utan at ein må ha prestert noko spesielt - til ein som er flink å skapa begeistring og positivitet rundt seg, slik du Jacob er, seier Børje Møster. – Med din måte å vera på, din iver og entusiasme, ditt engasjement og genuine interesse for å søka kunnskap frå andre kjelder enn det som er vanleg, har du lært meg mykje.
Ta den ring&
Børje som sjølv fekk ein av dei første BegeistRingane som vart delt ut, har tatt utfordringa om sjølv å finna ein kandidat som han meiner fortener ei slik påskjøning. Det måtte bli Jacob Christian Døskeland jr.
Dei to møtte kvarandre for første gong for fleire år sidan då Jacob tok eit kurs i fridykking hjå Børje.
– Jacob har eit vinnande vesen og ei unik evne til å skapa begeistring og positivitet rundt seg. Ein spennande person som er både samfunnsinteressert og samfunnskritisk, utan å vera påståeleg. Han er spennande å diskutera med, velmeinande og reflektert. Det ligg mykje idealisme, arbeid og vilje der han no satsar på Lygra Gjestegard, seier Børje.
– Dette var verkeleg ei overraskande oppmuntring, og eg set pris på at du tenkjer på meg. Eg føler eg prøver meg fram, og kjenner meg innimellom som ein sunken båt nedi vika her, seier Jacob som er tømrarutdanna. Han fortel at han etter å ha prøvd både data og anna, er komen fram til at han ønskjer å satsa på enkle mål, og at det er på Lygra han får best til det han har mest lyst å gjera.
Satsar på det nære
– Eg har kome til at eg har ingen ide om resten av livet, det får koma etter kvart. Det har igjen ført til at eg er mindre søkande, å vera søkande kan i seg sjølv vera veldig forvirrande. I staden ser eg det eg har, seier 26-åringen og bed oss kjenna på sola som varmar i ansiktet.
– Eg veit at eg er glad i kjærasten min, at eg vil bu her på Lygra, at eg har lyst å hjelpa far min, og at eg har lyst å dyrka grønsaker og læra andre å få det til også, seier Jacob. Planen er at han i tillegg til å dyrka grønsaker til eige bruk, skal etablera eit visningsfelt med alle typer grønsaker, i samarbeid med Lyngheisenteret. Eit nytt drivhus skal på plass og håpet er å få flytta endå eit hus til garden.
– Så vi treng nok litt begeistring, seier Jacob før han finn seg ein plass i vintersola i lag med to malande kattar.