BEGEISTRA: Inger Fosse Dalland har fått BegeistRingen av Bente Håtuft, for sitt utrulege arbeid innan demensomsorga.

- Nei no vart eg overraska, men veldig glad altså, seier Inger med store auger, når Bente Gunn Håtuft overraskar henne med BegeistRingen.

- Eg kan ikkje tenka meg nokon som fortener denne meir enn deg. Du er eit unikum av eit menneske, og alle kommunar skulle hatt nokon som deg i helsetenesta si, seier Bente Håtuft.

Inger Fosse Dalland jobbar i halv stilling på Såtabu Aldersheim, og ser det som si viktigaste oppgåve å gi folk ein verdig alderdom, også når minnet byrjar å forsvinna.

Den såkalla ”Sansehagen” ho har fått laga, ved hjelp av gode kollegar på aldersheimen, har vorte kjent langt utanfor Knarvik sine grenser, og Inger sjølv har også etter kvart vorte ein etterspurd føredragshaldar innan det følsame temaet demens.

Ut på tur

Sjølv fortel Inger at ho berre gjer det som fell henne naturleg, men arbeidet ho legg ned for dei gamle på heimen, vert sett umåteleg stor pris på.

- Eg er veldig opptatt av at folk skal få ein verdig alderdom, også når dei er på veg inn i ei tåkete verd. Sjølv om ikkje minnet er så godt lenger, er personane framleis personar, som opplever glede, fortel Inger, som også er pårørande til demensramma.

For Inger er det viktig at dei gamle kjem seg ut, og får nyta den fine naturen vår. Og Såtabu Aldersheim ligg ikkje langt unna idyllen.

- Kvar veke er vi ute og går tur rundt Kvassnesstemna, og det er ingen unnskyldning. Vi har både regnklede og mat med oss. Det hender at folk ikkje vil, men straks vi er ute, brukar dette å forandra seg kjapt, smiler ho.

- Fotodokumentasjon

Inger synest det er veldig kjekt å få BegeistRingen, men understrekar at ho ikkje har æra for dei fine forholda på Såtabu Aldersheim åleine.

- Vi er mange som står på og gjer ein utruleg flott og viktig jobb, seier ho til nh.

Men same kva ho seier, det er liten tvil om at Inger gir ekstra mykje for saka. Og hennar fotosamling er verkeleg sett pris på av dei mange pårørande.

- Vi tar bilde av alle aktivitetar vi held på med, og dokumenterer på denne måten dagleglivet på heimen. Dette er veldig kjekt for både bebuarane og dei pårørande og sjå tilbake på, seier Inger med eit smil, før ho viser oss den blømande og flotte ”Sansehagen”.