«Framleis greitt å køyre båt med høg promille»

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Av

Tirsdag 15. januar vart det kjent at Stortinget seier nei til forslaget frå fire Krf-representantar om ein lavare promillegrense til sjøs.

DEL

MeiningarDette er i samsvar med transport- og kommunikasjonskomiteen si innstilling.

– Det er heilt uforståeleg at promillegrensa for fritidsbåtførarar ikkje senkast frå 0,8 til 0,2. Skal dødstala ned, må også promillegrensa ned, seier generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Inga reell fare?

Grunnen komiteen kom med, samt frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, er at det er grunn til å tru at det er promille over 0,8 som representerer ei reell fare på sjøen. I tillegg hevdast det at det ikkje eksisterer ressursar til eit auka kontrollnivå av promille til sjøs.

– Eg kan ikkje tru at politikarane verkeleg meiner at det er akseptabelt å føre ein båt med promille oppunder 0,8, seier Kristoffersen. Det er inga tvil om at vår vurderingsevne er svekka på dette promillenivået. Ho meiner argumentet om at det ikkje er nok ressursar til auka kontrollnivå, er eit ikkje-argument.

– Ein kan ikkje ta omsyn til dagens ressurssituasjon når ein skal endre eller lage lovar og regler. Korleis skulle då samfunnsutviklinga bli?

Det som er viktig er at vi får eit godt regelverk for å hindre fatale båtulykker.

Mange rusrelaterte ulykker

I 2018 registrerte Sjøfartsdirektoratet 23 omkomne ved bruk av fritidsfartøy i norsk farvatn. Dette er seks færre enn i 2017, og det lågaste talet sidan 2001. Tross i nedgangen held talet på omkomne med alkoholpåverknad seg nokon lunde stabilt.

– Mellom kvar tredje og fjerde dødsulykke frå fritidsbåt er rusrelatert. I tillegg er det store mørketal grunna manglande obduksjon, at ikkje alle omkomne blir funne, samt at alkoholstatus knyttast til den avdøde og ikkje føraren av fartøyet. I motsetnad til på bilveg, registrerast ikkje ei dødsulykke der passasjeren omkjem som følgje av at føraren er påverka, som ei dødsulykke med rus, påpeikar generalsekretæren.

Statens Havarikommisjon for transport arbeider no med å samle mest mogleg data frå fritidsbåtulykker, som vil danne grunnlag for ein rapport som skal vere ferdig i 2019.

Sjøfartsdirektoratet har, i samarbeid med Sakkyndig råd for fritidsfartøy, fått i oppdrag frå næringsministeren å utarbeide ein handlingsplan for å få ned talet på ulykker på sjøen.

Artikkeltags