Gå til sidens hovedinnhold

Båt i full brann i Gulen – alle ute av båten

Klokka 23.46 vart det meldt om brann i ein båt utanfor Byrknesøy i Gulen, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Båten skal ligge mellom Risøyna og Horsholmen.

Det skal ha vore fire personar ombord i båten, som alle har kome seg over i andre båtar, og er i god behald.

Båten skal vere overtent. Brannvesen og politi er på veg til staden.

Klokka 12.39 skriv 110 Vest på Twitter at brannvesenet melder om at brannen er sløkka. Brannvesenet heldt fram med ettersløkkinga.

Kommentarer til denne saken