– Vi fekk inn melding klokka 0820 i dag om ein båt som er funnen med ei jakke om bord.

Det seier politioverbetjent i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kurt Inge Hordvik, til Avisa Nordhordland.

Den 15 fot svarte plastbåten vart funnen drivande i Osterfjorden.

Jakka som ligg i båten har eit merke der det står «A2G» på.

– Båten er tatt hand om og slept til Radøyvegen 387. Om nokon saknar ein båt må dei ta kontakt med politiet, seier Hordvik.

Politioverbetjenten antar at det er uvêret som har slite laus båten.