På Hordabø er det norsk som er framandspråk

JAKTAR PÅ OPPRYKK: Hordabø er på det næraste klare for opprykk til andredivisjon. Men dei veit ikkje om dei vil spela der. FOTO: PRIVAT

JAKTAR PÅ OPPRYKK: Hordabø er på det næraste klare for opprykk til andredivisjon. Men dei veit ikkje om dei vil spela der. FOTO: PRIVAT

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ikkje ein einaste spelar på Hordabø basket kjem frå Hordabø. Eller Radøy. Eller Nordhordland. Eller Noreg.

DEL

Alle spelarane kjem frå basketnasjonen Litauen. Og saman med Os og Bjorøy B dei einaste laga i divisjonen utan ein einaste norsk spelar.
 
Med 13 sigrar, og berre eit tap, har Hordabø allereie sikra seg førsteplassen, og moglegheita til å spele i divisjonen over. Det er endå ein kamp att, men med 8 poeng ned til Bjorøy B på 2. plass er det no opp til spelarane å avgjera på kva nivå dei vil spele.

LES OGSÅ: Her står Thomas på longboard ned Romarheimsdalen

Manglande interesse

Spelande trenar/leiar, Mindaugas Meskinis, seier at dei er svært usikker om dei kjem til å spele i 2. eller 3. divisjon neste sesong. Meskinis meiner at laget held nivået for å halde seg i 2. divisjon, dersom dei vel å ta steget opp, men med ein låg interesse for basketball i Nordhordland har dei stor mangel på spelarar, noko som gjer at dei er usikker på kva dei skal velje.

I 12/13 sesongen spelte Hordabø og solid, og klarte ein 5. plass i 2. divisjon, men med eit stort tap av spelarar klarte dei ikkje å stilla lag i 13/14 sesongen.

LES OGSÅ: – Ho får gull av oss!

Treng fleire spelarar

Medan det berre er 6 lag i 3. divisjon, er det 9 lag i 2. divisjon, og heile laget håpar at fleire basketballinteresserte skal ta kontakt med klubben, slik at dei kan få oppleva nivået i 2. divisjon ein gong til.

I 3. divisjon er dei fleste laga frå Bergensområdet, dette gjeld og 2. divisjon, og står i kontrast til klubben sitt tidlegare opphald i 2. divisjon der dei vart nøydd å reisa heilt til Stavanger for å spele.

LES OGSÅ: Pangstart for nytt bakkeløp

Vil ha publikum

Det er vanlegvis ikkje fleire enn venner av spelarane som møter opp for å sjå på heimekampane til Hordabø, som vert spelt i Radøyhallen. Når dei speler sin siste kamp for sesongen søndag 12. april, kl. 15.00, håpar dei at flest mogleg kjem for å heia dei til sin 14. strake siger.

LES OGSÅ: Jobbar opp juniorlaga

Artikkeltags