Tidlegare har Nordbygda barnehage i Masfjorden mellom anna samla inn pengar til India og Nepal. No ynskja dei å samla inn til nokon endå nærmare. Til born i Ukraina.

– Krigen råkar på ein måte oss alle, me får det nærme innpå oss, seier styrar Inger Marie Duesund.

Ho fortel at det går to ukrainske born i barnehagen, og det er vaksne i språkpraksis.

Nye nasjonalitetar er noko dei er vane med frå arbeidsinnvandring, og då det kom syriske flyktningar for ein del år tilbake.

– Det gjer at me lærer om andre språk og kulturar. Det er kjekt, fortel Duesund til Nordhordland.

Lært om Ukraina

I over to og ein halv månad har det vore fullt fokus på solidaritetsaksjonen. Borna har gjeve leiker og klede dei har vekse ut av. Dette skal sendast til Ukraina.

Gjennom dagane i barnehagen har det vore snakk om Ukraina, dei har ete ukrainsk mat og lært om landet og kulturen. Borna har særleg vore glade i å teikna det gule og blå flagget.

– Me snakkar med dei ut frå deira spørsmål. Me set ikkje krig på timeplanen, men har tipsa foreldre om korleis ein kan snakka med born om krig på eit enkelt språk, dersom dei spør. Det varierer veldig kva dei får med seg, men nokon får med seg ein del nyheiter, forklarar styraren.

Alle dei 44 borna har vore med på aksjonen. Frå 1-åringane til førskuleborna. Dei har fått læra at det finst born som dei sjølve, men som har fått øydelagd husa sine og kanskje mista det dei hadde.

– Det finst jo born i barnehagen frå Ukraina, som har måtte reisa. Det er born i verda som treng hjelp frå medmenneske.

Selde 270 loddbøker

Dei minste har stått ute og måla eit bilde som gjekk på ein auksjon. Det kjøpte ordførar Karstein Totland (H) på vegne av Masfjorden kommune.

Alle i barnehagen har laga to ting kvar, som vart selt på open dag 14. mars. Då vart både foreldre, besteforeldre og søsken inviterte.

– Det var veldig fine ting. Når det skal vera noko til sal gjer dei seg litt meir flid. Det krev meir av borna.

På den opne dagen vart det og framført skodespelet «skinnvotten», som er eit ukrainsk eventyr.

Dessutan har foreldre og tilsette stilt opp for denne innsamlingsaksjonen til Flyktningehjelpen og borna i Ukraina.

– Me har ei veldig engasjert foreldregruppe som alltid stiller opp. Og to i personalet fortener ein ekstra honnør. Dei er heilt fantastiske og elskar dette. Dei er knallgode og har fått inn mange flotte gevinstar frå eit gåvmildt næringsliv. Engasjerte vaksne skapar engasjerte born. Dette vart ein stor suksess, seier Duesund.

Til saman vart det selt heile 270 loddbøker og samla inn om lag 45.000 kroner til arbeidet.

Solidaritetsaksjonen betyr at borna i Nordbygda har lært om ein annan kultur og å hjelpa andre, medan fleire born i Ukraina får ein betre kvardag, takka vera innsatsen til masfjordingane.