Sparebanken Vest opnar ny bank

Konsernsjef i Sparebanken Vest Jan Erik Kjerpeseth.

Konsernsjef i Sparebanken Vest Jan Erik Kjerpeseth. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Men den vil kun vere tilgjengeleg på mobil.

DEL

(BA): Sparebanken Vest skal utfordre bankmarknaden med ein helt ny nasjonal bank, som kun vil vere tilgjengeleg på mobiltelefonen. Banken skal vere den første som kombinerer nye brukaropplevingar med lån og tradisjonelle banktenester, skriv banken i ei pressemelding.

– Den nye banken skal bli ein neste generasjons mobilbank, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest, i meldinga.

Han meiner at banken har eit godt utgangspunkt med det som allereie er ein vellykka mobilbank.

I pressemeldinga peikar SPV på at det i Europa veks fram mindre utfordrarar til gigantar som Apple og Facebook som satsar på mobilteknologi og enkle brukaropplevingar.

– Ambisjonen er å flytte den norske marknaden i ei heilt ny retning. Den nye banken skal vere grensesprengande i å løyse folks daglegdagse finansielle utfordringar med gode tips og råd, samtidig som vi skal tilby bustadlån og andre tradisjonelle banktenester, seier Kjerpeseth.

Det blir opplyst at den nye banken skal lanserast i løpet av første halvår 2019.

Banken vil vere organisert som ei eiga eining i Sparebanken Vest.

Bonusfest for Sparebanken Vest-tilsette


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken