Bonusfest for Sparebanken Vest-tilsette

Artikkelen er over 2 år gammel

– Naturleg at dei som har bidratt får ein bit av kaka, seier Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest.

DEL

(BA) Sparebanken Vest gjekk med 1,8 milliardar i overskot i 2017, opp frå 1,6 milliardar i 2016.

Det skjedde etter ein omfattande omstrukturering og nedbemanning, som førte til at 113 årsverk og ni filialar vart fjerna.

Det gode resultatet førte til at banken i år deler ut 150 millionar kroner til samfunns- og næringsutvikling, mot 100 millionar kroner i fjor.

23,6 millionar i bonusar

No kan informasjonssjef Lars Ove Breivik fortelje at det også dryp ein del på dei tilsette.

– Banken har forhandla fram ei bonusordning saman med fagforeininga. Når dei finansielle måla er oppnådd er det naturleg at også dei som har bidratt, dei tilsette, får ein del av kaka, seier Breivik til BA.

Eni pott på totalt 23,6 millionar kroner gir 52.000 kroner per tilsett, opplyser banken.

– Dei må skatte for bonusen, men det er gode pengar. Dette reflekterer at banken går godt, så det er også bra for Sparebanken Vest.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken