Sju rentehopp innan 2020, antar Nordea

Rentehevinga frå rekordlåge 0,5 prosent til 0,75 prosent i Norges Banks neste rentemøte om to veker er så godt som hogd i stein. Deretter vil sentralbanken sette opp styringsrenta til saman seks gonger dei to neste åra, meiner storbanken. Det inneber ei styringsrente på 2,25 prosent ved utgangen av 2020.

Rentehevinga frå rekordlåge 0,5 prosent til 0,75 prosent i Norges Banks neste rentemøte om to veker er så godt som hogd i stein. Deretter vil sentralbanken sette opp styringsrenta til saman seks gonger dei to neste åra, meiner storbanken. Det inneber ei styringsrente på 2,25 prosent ved utgangen av 2020. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Noregs Bank kjem til å sette opp styringsrenta heile sju gonger dei neste to åra, meiner Nordea Markets. Og det er gode nyheiter, understrekar analytikarane.

DEL

Rentehevinga frå rekordlåge 0,5 prosent til 0,75 prosent i Norges Banks neste rentemøte om to veker er så godt som hogd i stein. Deretter vil sentralbanken sette opp styringsrenta til saman seks gonger dei to neste åra, meiner storbanken.

Det inneber ei styringsrente på 2,25 prosent ved utgangen av 2020.

– Det er viktig å hugse kvifor Noregs Bank set opp renta. Renta går opp fordi det går bra i norsk økonomi. Som nasjon bør vi juble, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets.

Analytikarane i Skandinavias største bank meiner at alle piler peikar i rett retning for norsk økonomi. Oljekrisa er bak oss, bustadmarknaden har snudd, det er vekst i aktivitet og investeringar og arbeidsløysa vil falle med 1 prosentpoeng til 2,8 prosent i 2020.

Det vil også smitte over på lønnsoppgjera, meiner Nordea, som ser moglegheiter til ein lønnsvekst ein stad mellom 3,5 og 4 prosent i 2020.

– Det einaste som kan endre dette bildet er dersom EU og USA ikkje finn saman i handelspolitikken, skriv Olsen i Nordea-rapporten som vart lagt fram onsdag.

Samstundes rettar finansministeren ein åtvarande peikefinger mot partane.

– Som finansminister må eg vere forsiktig med å blande meg bort i lønnsoppgjera. Det er og blir partane sitt ansvar. Men eg vil likevel nytte høve til å åtvare mot ein ny og kostnadsaukande bonanza, sa Jensen i eit innlegg under Verdiskaparkonferansen i Kristiansund onsdag.

Finansministeren viste til at moderate lønnsoppgjer bidrog til at norsk økonomi kom seg gjennom oljenedturen.

Lønnsoppgjeret i 2015 vart historisk magert for norske lønnstakarar. Ved utgangen av 2016 hadde reallønningane sokke med 1,2 prosent.

Åra før og etter enda med ein forsiktig reallønnsvekst på høvesvis 1,6 prosent og 0,9 prosent. Prognosane for 2018 viser framleis moderasjon, sjølv om anslaga beveger seg opp på 2-talet igjen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken