No kjem skattemeldinga: 418.000 nordmenn veit ikkje kva det er

VEIT IKKJE: Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Danske Bank meiner fleire må sette seg inn i eigen økonomi og følge opp skattemeldinga. Det kan spare dei myke pengar.

VEIT IKKJE: Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Danske Bank meiner fleire må sette seg inn i eigen økonomi og følge opp skattemeldinga. Det kan spare dei myke pengar. Foto:

Av

No er skattemeldinga like rundt hjørnet – og den betyr mykje for privatøkonomien din.

DEL

Kvart år må nordmenn fylle ut skattemeldinga. Eller sjølvmeldinga som den heitte i 104 år fram til nokon fekk ein idé om å endre det.

Det skriv Nettavisen.

Ei fersk undersøking av byrået YouGov syner at det to år gamle namnet ikkje har sett seg heilt blant nordmenn.

Heile 11 prosent av nordmenn opplyser at dei ikkje veit kva skattemeldinga er, eller svarar «veit ikkje» i undersøkinga.

– Det er litt morosamt. Mange har nok ikkje fått med seg at «sjølvmeldinga» er blitt «skattemeldinga». Folk tenker nok ikkje over kva det er når det dukkar opp i postkassen, seier Cecilie Tvetenstrand, som er forbrukarøkonom i Danske Bank.

Fakta om skattemeldinga

  • Det er ei melding som vert sendt ut til alle innbyggjarane i Norge som har inntekter, utgifter, formue eller gjeld. Dei fleste får det digitalt via innboksen på Altinn.no
  • Grunnen til at skattemeldinga er viktig, er at den er grunnlaget for kor mykje skatt du skal betale til staten. Og om du ikkje gir rette opplysningar, risikerer du straff.
  • Sidan det norske skattesystemet har mange frådrag basert på din livssituasjon, er det økonomisk fornuftig å sjekke skattemeldinga. For mange kan fordeling av frådrag og rette oppføringar bety at du sparar tusenvis av kroner i skatt.
  • Den gjennomsnittlege skattebetalaren betalte om lag 127.000 i skatt på inntekt i fjor.

– Brukar du framleis å seie sjølvmeldinga?

– Eg har gjort meg vant med å seie skattemeldinga. Men når eg snakkar med andre legg eg ofte til: «Du veit, den gamle sjølvmeldinga», seier ho.

Det er dei eldre og folk med lav utdanning som i størst grad ikkje veit kva skattemeldinga er.

– Her har nok dei unge eit litt anna forhold til det, ettersom det blei endra for kort tid sidan, seier forbrukarøkonomen.

Hugs 4. april

Den minnerike dagen 4. april bør du først som sist notere deg i kalenderen. Det er nemleg dagen skattemeldinga blir tilgjengeleg på Altinn.no. Om du derimot framleis blånektar å få den digitalt, kan du vente å få den i posten nokre dagar etterpå.

Undersøkinga er gjennomført på oppdrag for Danske Bank Norge.

Men ikkje nok med at du må hugse å sjekke skattemeldinga. Du må også hugse å levere den innan 30. april.

FØR I TIDEN: Slik satt folk for nokre år sidan, og fylte ut med penn og papir. No kan det hukast av og gjerast med nokre få tasteklikk. Du kan til og med levere skattemeldinga på mobil.

FØR I TIDEN: Slik satt folk for nokre år sidan, og fylte ut med penn og papir. No kan det hukast av og gjerast med nokre få tasteklikk. Du kan til og med levere skattemeldinga på mobil. Foto:

Ekspertane sine viktigaste hugsereglar

Det første du bør sjekke er om opplysningane i skattemeldinga stemmer. Dette kan du gjere ved å samanlikne summane i skattemeldinga og det du får frå arbeidsgjevar på årets siste lønnsslipp. Du bør også sjekke gjeld og formue. Alt dette får du henta ut i banken din.

Deretter kjem det som er kanskje mest avgjerande for din privatøkonomi og endelege skatterekning: Skattefrådrag.

Forbrukarøkonomen i Danske Bank meiner det er spesielt viktig å hugse enkelte ting i skattemeldinga. Og det må du sjekke, om ikkje kan det koste deg dyrt.

1. Gjeldsrenter

– Er du sambuar og eig del av eit lån og ikkje er oppført som hovudlåntakar, må du hugse å få fordelt gjeldsrentene. Det betyr mykje pengar, seier Tvetenstrand til Nettavisen.


2. Barnepass

– Har du barn må du sørge for å føre opp frådrag for barnepass, barnehage, eventuell omveg til barnehagen og alt som kan gå inn under dette frådraget, seier ho.


3. Pendlarfrådrag

– Om du har ein jobb du pendlar til, kan du fort få reisefrådrag. Før opp kor langt det er til jobben og talet på pendlarreiser og sjekk om du får frådrag.

Det aller viktigaste er det du gjer året før, for skattemeldinga er i utgangspunktet berre ein oppsummering av fjoråret. Forbrukarøkonomen meiner noko av det viktigaste du kan gjere er å rekne ut skatten din via Skatteetaten sin kalkulator. Deretter må du justere skattekortet ditt – og det er enkelt gjort via deira nettsider.

– Mange har ikkje eit veldig bevisst forhold til kor mykje dei betalar i skatt, og tenker at arbeidsgjevar følger med på dette og har orden på det. Det er litt naivt.

Eksperten vil også understreke at det er viktig for dei som leiger ut via Airbnb og liknande tenester å sjekke opp i dei nye skattereglane. For der har myndigheitene stramma til.

Dei første 10.000 kronene du tener er skattefrie, og deretter må du betale skatt av 85 prosent av inntektene utover det skattefrie beløpet.

Kjapp, trygt og gratis

Forbrukarøkonomen vil anbefale alle å sjekke om dei har rett skattekort, og endre det om nødvendig. Du kan når som helst endre det, og det vil digitalt bli sendt til din arbeidsgjevar.

– Det er veldig enkelt å endre på det. Om ein går enten opp eller ned i lønn, kan du ende opp med at det vert trekt feil skatt. Vert det trekt for lite får du baksmell. Vert det trekt for mykje får du igjen på skatten, seier ho.

Artikkeltags