Måndag ettermiddag melder Alver kommune at dei avlyser vaksinedagane i veke 36 og 37.
Årsaka er at ei oppdatert koronavaksine er på veg.
– Vi avlyser fordi vi i dag fekk informasjon frå Folkehelseinstituttet om at det snarleg kjem nye og oppdaterte koronavaksinar som skal brukast til oppfriskingsdose, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.
Kommunen hadde sett oppvaksinedagar med oppfriskingsdose tysdag, onsdag og torsdag i veke 36 og 37 for dei som er fødd i 1957 og tidlegare. Dei som har bestilt time skal ha fått beskjed om endringane.
Betre tilpassa variantane
Kommuneoverlegen forklarar at dei oppdaterte vaksinane er betre tilpassa variantane av koronaviruset som sirkulerer no.
– Dei oppdaterte vaksinane skal brukast til oppfriskingsdose, men ikkje til grunnvaksinering.
Kommunen kjem tilbake med meir informasjon om nye vaksinedagar.
Folgerø legg til at dersom ein likevel ønsker vaksine denne veka, kan ein få vaksinen som er tilgjengeleg per no på drop-in i Nordhordlandshallen torsdag 8. september mellom klokka 9 og 14.