Sjå den spektakulære reklamefilmen for Nordhordland

Kva var vel meir naturleg enn å opna filmen med dette spektakulære klippet av Nordhordlandsbrua. Foto: Skjermdump

Kva var vel meir naturleg enn å opna filmen med dette spektakulære klippet av Nordhordlandsbrua. Foto: Skjermdump

Artikkelen er over 4 år gammel

Industriutvikling Vest har saman med næringslivet brukt hundretusenar på ny profileringsfilm for regionen.

DEL

LIK AVISA NORDHORDLAND PÅ FACEBOOK

Den ni minuttar lange filmen vart vist offentleg for første gang då mange aktørar frå næringslivet i Nordhordland var samla til fokus på innovasjon og omstilling på Dampen i Knarvik torsdag ettermiddag.

LES OGSÅ: Desse innkasserte 350 000 kroner

SJÅ FILMEN UNDER

Sjå den spektakulære profileringsfilmen for Nordhordland

Bak samlinga sto Industriutvikling Vest, Sparebanken Vest og Nordhordland Handverk- og industrilag.

– Vi såg behov for å profilera Nordhordland meir heilheitleg, og vi ville gjera det på ein rask og effektivt måte. Ein kan stå med presentasjonar på papir og lysark, men det å ta det på nokre få minuttar og vise heile breidda visuelt, gjev ein veldig god introduksjon til kva denne regionen har å by på, seier dagleg leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Vil ha gigantisk hydrogensatsing på Mongstad

Lokalt mediaselskap

Det er hans selskap som er oppdragsgjevar for filmen.

– Industriutvikling Vest har stått for filmprosjektet, nettopp for å profilera det gode næringslivet vi har. Det vi også ønska å få fram, er at Nordhordland er ein god region å bu i og at her er eit breidt tilbod innan fritidsaktivitetar, seier Brundtland. 

Det lokale selskapet Buss & Media, som har sitt utspring blant anna i tidlegare TV Nordhordland, har stått for filmproduksjonen. 

– Det er veldig kjekt å benytta eit lokalt selskap som har vakse fram her og som har veldig høg kvalitet i det prosjektet dei har utarbeida, seier Brundtland. 

Fleire hundre tusen

Filmen legg sjølvsagt vekt på industri og at regionen har mykje aktivitet retta mot olje- og gass, men den fokuserer også på at næringslivet er innovativt og ser nye moglegheiter.

– Eg er veldig godt fornøgd med resultatet, men det som sjølvsagt er den store utfordringa i ein så spennande region, er å få komprimert det ned. Det er mange som skulle sett at dei kom med i filmen, og dei som er med ville gjerne hatt meir av seg sjølv, men det store bildet er at Nordhordland er ein attraktive region. Det håper eg vi har fått fram, seier Brundtland.

Filmproduksjon er ikkje billeg. Den daglege leiaren fortel at prosjektet har kosta fleire hundre tusen kroner.

– Vi har brukt nokre hundre tusen utan at eg skal seia det konkrete beløpet. Men vi trur det er viktig for å profilera regionen breidt. Vi har også hatt i tankane at dette ikkje skal vera ein eingongsproduksjon. Dersom det kjem store, nye positive ting til vår region, så lagar vi ein ny sekvens i filmen slik at den heile tida er oppdatert og levande.

– Bruk den aktivt

Dei siste opptaka vart gjort tett opp til framsyning.

– Vi planla på våren, og så har vi filma frå august og faktisk heilt fram til onsdag. Siste opptak var tatt dagen før visning, smiler Brundtland.

No ønsker han sjølvsagt at filmen blir sett og brukt aktivt.

– Vi håper jo at alle aktørar i Nordhordland ser nytten i å bruka denne filmen ut mot samarbeidspartnarar, og der det er naturleg å presentera seg. Eg håper den blir brukt aktivt av næringsliv, kommunen, offentlege instansar og reiselivet. Eg trur vi ser i denne filmen at vi har mykje positivt å by på i Nordhordland sjølv i desse nedgangstider.

Avisa Nordhordland har fått godkjenning til å visa filmen.

Artikkeltags