Målprisen til Ung-redaksjonen i Avisa Nordhordland

MÅLPRISEN: UNG-redaksjonen i Avisa Nordhordland er tildelt Alversund mållag sin prestisjetunge målpris. Leiarane i ungdomsredaksjonen, Irene Bratteng Fossheim (t.v.) og Morten Sæle tok i mot prisen saman med to av UNG-journalistane, Guste Gecaite og Solveig Kvamme.

MÅLPRISEN: UNG-redaksjonen i Avisa Nordhordland er tildelt Alversund mållag sin prestisjetunge målpris. Leiarane i ungdomsredaksjonen, Irene Bratteng Fossheim (t.v.) og Morten Sæle tok i mot prisen saman med to av UNG-journalistane, Guste Gecaite og Solveig Kvamme. Foto:

Ung-redaksjonen i Avisa Nordhordland er tildelt Alversund mållag sin målpris. Dei får prisen for å ta samfunnsansvar med å styrkja nynorsken mellom dei unge i distriktet.

DEL

– Me er sjølvsagt veldig stolte over å få denne utmerkinga, sa nyheitsleiar Morten Sæle i Nh han på vegne av Ung-redaksjonen tok i mot prisen under mållaget sin populære og tradisjonsrike songkveld, «Håttar du?» i storstova på Leiknes søndag kveld.

– Nynorsken må vinnast for kvar generasjon, kvar generasjon må finna sin plass i «nynorskens skog». I ei tid der engelsk og bokmål dominerer er det overmåte viktig at ungdom vert stimulert til å lesa og skriva på nynorsk, sa Karin Monstad på vegne av juryen under overrekkinga.

Juryen uttalar at tiltaket til årets prisvinnar peikar framover, samstundes som det manifesterer den sterke stillinga nynorsken har i Nordhordland.

Tek samfunnsansvar

– Då dette gode prosjektet vart annonsert, stod det mellom anna «erfaring er ikkje nødvendig, opplæring vil bli gitt». Det er eit godt døme på at prisvinnaren tek på seg samfunnsansvaret med å styrka nynorsken si stilling mellom dei unge, uttalar juryen.

– Me er utruleg glade for at arbeidet ungdomane gjer vert lagt merke til og sett pris på. Dette er ein entusiastisk gjeng som har stått på og gjort eit solid stykke arbeid. Denne prisen er først og fremst ungdomane si forteneste, seier Morten Sæle og Irene Bratteng Fossheim, som leiar Ung-redaksjonen i Avisa Nordhordland.

I tillegg til dei to leiarane i Ung-redaksjonen var også to av UNG-journalistane, Guste Gecaite og Solveig Kvamme med og tok i mot prisen.

– Veldig stas at UNG-redaksjonen får denne prisen, seier Guste og Solveig, som fortel at dei lærer mykje gjennom deltakinga i UNG-redaksjonen og synest det er spennande å få prøva seg som jounrnalistar.

Går laus på krevjande saker

Ungdomsredaksjonen i Nh vart etablert våren 2017. I år har UNG-redaksjonen seks ungdommar som skal produsera nytt og spennande stoff i tida framover.

– UNG-journalistane kjem sjølv med idear til saker dei vil laga, og dei er ikkje redde for å gå laus på store, viktige og krevjande tema. Me er imponerte over kva dei får til etter kort tid. For oss er det stor inspirasjon å få jobba saman med desse ungdomane, seier Irene Bratteng Fossheim og Morten Sæle.

Dei framhevar mellom anna det sterke fokuset UNG-redaksjonen i fjor sette på det omfattande plastproblemet verda står ovanfor.

Artikkeltags