Har du oppdatert din iPhone eller iPad? Då må du lesa dette!

Hvis du har oppgradert til siste versjon av Apples operativsystem, kan det være du får problemer med å logge inn på nettavisen eller eAvisen.

Hvis du har oppgradert til siste versjon av Apples operativsystem, kan det være du får problemer med å logge inn på nettavisen eller eAvisen.

Artikkelen er over 3 år gammel

Den siste oppgraderinga av operativsystemet til Apple, får konsekvensar for deg som er abonnent hjå oss. Slik løyser du det.

DEL

Nyleg kom Apples siste versjon av operativsystemet (iOS11), og er du blant dei som har oppgradert kan du oppleva ikkje å komma inn på plussaker eller på eAvisa. Det er rett og slett fordi vi ikkje lenger utan vidare klarar å kjenna deg igjen.

I staden for å komma rett til saka du ønsker å lesa, kan du derfor bli møtt av ei melding om at du må endra innstillingar i nettlesaren din. Den enklaste måten å unngå slike feilmeldingar på, er å gjera denne enkle endringa.

Vi jobbar med å laga ei betre løysing, slik at du som les oss ikkje skal merka noko til denne typen endringar, men fram til vi er i mål med dette treng vi di hjelp.
 

Slik endrar du på iPhone

For å sleppe å trykke «OK» kvar gong du skal lesa innhald hos oss, kan du gå inn i «Innstillingar»-menyen på telefonen eller iPaden din. Bla nedover i lista til du kjem til Safari, klikk deg inn og finn fram til valet «Ikke spor mellom nettstader». Denne må skrus av, for å sleppa feilmeldingar.

Fram til siste versjon av operativsystemet til Apple, har vi kunne kjenna igjen brukarar ved hjelp av det som kallast tredjeparts-cookies, dette går ikkje lenger av seg sjølv når «ikkje spor mellom nettstader» er skrudd på. Ved å skru det av, gir du oss kort fortalt rett til å kjenna deg igjen frå gong til gong.

Klikk deg inn i innstillinger, bla deg ned til Safari og finn "Ikke spor mellom nettlesere". Denne må være avskrudd (som på bildet).

Klikk deg inn i innstillinger, bla deg ned til Safari og finn "Ikke spor mellom nettlesere". Denne må være avskrudd (som på bildet).

 

Slik endrar du på Mac

Det er ikkje berre på iPhone og iPad feilmeldinga dukkar opp. Har du oppgradert til siste versjon av operativsystemet til Apple på Mac-en din, og brukar Safari som nettlesar når du les oss, må du endra dette også i nettlesarinnstillingane på Safari.

Klikk på Safari i menyen og gå inn på «Val». Under fana «Personvern» må du skru av «Forhindre nettstedsporing».

Klikk på Safari-menyen øverst til venstre og gå inn i "Valg". Under personvern kan du huke vekk "forhindre nettlesersporing".

Klikk på Safari-menyen øverst til venstre og gå inn i "Valg". Under personvern kan du huke vekk "forhindre nettlesersporing".

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken