Avisa Nordhordland er ein del av Amedia-konsernet.
Her vert det satsa sterkt på direktesending av sport frå heile landet.
Denne helga er det Voss cup og BA sender tradisjonen tru mannskap til Voss. Det nyt avisa Nordhordland godt av.
– Det er meldt om opphaldsvêr og gløtt av sol store deler av helga, og ikkje minst er det meldt om masse god fotball. Dette gler vi oss til, seier Bernt-Erik Haaland.
Han skal kommentera kampane saman med Jonas Johnsen. Begge kommenterer til vanleg kampar i Toppserien, 2. divisjon, 3. divisjon og kampar elles i lokalfotballen.
– Det er noko heilt eige med barnefotball. Idrettsgleda er heilt unik her, seier Haaland.

Mykje duellar og kriging i lokalderby mellom NBK og Kvernbit
Tradisjon
Voss Cup er viktig for Bergensavisen.
– Vi tar barnefotballen på alvor og Voss Cup har blitt ei stor turnering for mange barn og unge, seier nyheitsredaktør i BA, Rune Eriksen.
Det heile skjer på bane 5, også kalla BA-banen. Der spelast det 7ar-kampar.
I tillegg til å visa sjølve kampane blir det også intervju med trenarar, spelarar og foreldre undervegs og etter kampane.
– Nå kan bestemødrer og besteforeldre som ikkje har moglegheita til å vera til stades, sitte heime og sjå barnebarnet spele, seier Eriksen.
I tillegg blir kampane tilgjengeleg i opptak.
NHIL 60-årsjubileum: – Det sosiale fellesskapet i ein lagsport er med å skape menneske
Løfter turneringa
Voss Cup-general Arne Førde kan fortelje om at TV-sendingane er svært populære.
– Vi har fått mange e-postar frå lag som ønsker å bli sett opp på BA-banen, men eg kan ikkje forfordele nokon, fortel Førde.
For turneringa er det et stort pluss at BA år etter år kjem for å vise kampar.
– Det betyr mykje for oss. Hele turneringa får et moderne løft. Det er svært populært å få komme på tv, avsluttar han.
Kommentarer til denne saken