Avisa Nordhordland stenger kontoret: – Vi skal lage avis etter beste evne trass den ekstreme situasjonen

Av

Avisa Nordhordland stenger kontoret i Knarvik senter for besøkande og innfører heimekontor for dei tilsette.

DEL

Avisa Nordhordland tar grep for å vere med på den kollektive dugnaden mot smitte av koronaviruset. Kontoret i Knarvik senter vart søndag stengt for besøkande og heimekontor blir hovudregelen for dei tilsette inntil vidare.

– Vi følger råd frå både myndigheitene og vårt eigarkonsern Amedia som følgjer situasjonen tett. For oss betyr dette at dei tilsette vil jobbe frå heimekontor framover, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Unntaket er visse driftskritiske funksjonar, som i praksis betyr at nokre medarbeidarar kan jobbe på kontoret når dette er viktig for avisdrifta.

– Målet vårt er at abonnentane og annonsørane skal merke minst mogleg til dette, seier Nydal.

Skal gje ut papiravisa

Han meiner føresetnadane er tilstades for tilnærma normal drift.

– I vår bransje er vi vant til å vere fleksible og jobbe utanfor kontoret til tider, så eg føler meg trygg på at dette skal gå bra. Vi har dyktige og dedikerte tilsette som kjenner arbeidsoppgåvene sine og vil gjere sitt ytterste for å halde avisa gåande. Det spesielle no blir at vi ikkje blir samla som eit kollegium, og at vi ikkje veit kor lenge situasjonen vil vedvare, seier Nydal.

Målet er likevel å gje ut papiravis som normalt gjennom krisa ein er inne i.

– Så lenge situasjonen ikkje forverrar seg, og andre funksjonar som vi er avhengige av som ligg utanfor vår kontroll, eksempelvis trykk og distribusjon, ikkje blir stengt ned, vil papiravisa komme ut som normalt, seier Nydal.

Les siste nytt på mobil

Samtidig blir nettavisa nordhordland.no hyppig oppdatert gjennom heile dagen. Nydal oppfordrar alle i regionen til å lese nettavisa på mobil for å få med seg siste nytt.

– Situasjonen vi har fått er sjølvsagt heilt ekstrem, og vi ser at informasjonsbehovet er svært stort. I slike situasjonar gir det å lage avis ekstra meining. Vi føler rolla vår i samfunnet er viktig, seier Nydal.

Nettopp difor vil dei viktigaste nyheitene også bli publisert opne for alle.

– I tillegg til at vi er bedrift og har ein økonomi som skal gå rundt, har vi som lokalavis eit samfunnsansvar som er ekstra viktig i situasjonen som er no. Viktige nyheiter frå myndigheitene, som alle bør få med seg, vil difor bli publisert opne, seier Nydal.

Ikkje berre korona-nyheiter

Korona-nyheitene har naturlegvis prega nettavisa dei siste dagane, og den omfattande dekninga er nok berre starten.

– Framover vil vi sjølvsagt prioritere koronasituasjonen høgt, det er heilt naturleg, men vi skal også forsøke å lage anna viktig og relevant stoff etter beste evne, seier redaktøren.

Journalistikken vil likevel bere litt preg av at redaksjonen ikkje kan jobbe som normalt.

– Når vi skal jobbe frå heimekontor, vil det nok påverke innhaldet. Eg håpar difor alle der ute vil hjelpe oss, også det offentlege som vi ofte er i kontakt med. Tips oss, ta bilder sjølv og ta kontakt på vår vakttelefon og epost, oppmodar Nydal.

Og legg til:

– Alle i avisa er audmjuke over den viktige rolla vi spelar i ei slik krise. Nordhordland-regionen var lenge skjerma frå smitte, men no har vi tre smittetilfelle i Alver. Når vi får det så tett på går alvoret opp for oss alle, seier Nydal.

Slik kontaktar du avisa

Vakttelefon: 916 20 916
Sentralbord: 56 35 55 55
Epost: redaksjonen@nordhordland.no
Annonse: annonse@nordhordland.no

REDAKSJONEN:

Trond Roger Nydal
Tlf. 488 91 138
Epost: trond.nydal@nordhordland.no

Sirill Heimdal
Tlf. 977 16 612
Epost: sirill.heimdal@nordhordland.no

Sunniva Myklebust Hansen
Tlf. 905 08 131
Epost: sunniva.hansen@nordhordland.no

Synne Grimen Hammervoll
Tlf. 416 26 272
Epost: synne.hammervoll@nordhordland.no

Karoline Nordgulen
Tlf. 917 43 315
Epost: karoline.nordgulen@nordhordland.no

MARKNAD:
Torbjørn Dalland
Tlf. 902 01 680
Epost: torbjorn.dalland@nordhordland.no

Kurt Grindheim:
Tlf. 416 12 002
Epost: kurt.grindheim@nordhordland.no

Kryssord kan leverast som normalt i den svarte postkassa utanfor den nordlege hovudinngangen til senteret, men send gjerne på epost til: redaksjonen@nordhordland.no

Artikkeltags