Avisa Nordhordland sender UM i friidrett: Her dei lokale deltakarane

Kasttalentet Anders Vik (G17) frå AKS-77 får i helga testa seg i diskos mot Oldens Steffen Melheim, som har aldersrekorden i klassa. Foto: Guste Gecaite
Det blir eit annleis ungdomsmeisterskap i friidrett denne sesongen, men fleire lokale utøvarar skal likevel i aksjon. Du kan sjå heile meisterskapen på nordhordland.no.
På grunn av koronaviruset blei årets meisterskap på Jessheim nedskalert. UM skulle eigentleg vore arrangert i Trondheim, men blei altså flytta til Romerike, og det er kun årsklassene frå 15 til 17 år som får delta i meisterskapet. Det gir likevel fleire lokale utøvarar sjansen til å vise seg fram.
Direktesport, som du få som Avisa Nordhordland-abonnent, sender frå meisterskapet alle dei tre dagene det pågår.
- Her ser du UM i friidrett frå klokka 10.45 fredag
- Her ser du UM i friidrett frå klokka 09.30 lørdag
- Her ser du UM i friidrett frå klokka 09.30 søndag
I 17-årsklassen i diskos skal den lovande AKS-77-utøvaren Anders Vik få testa seg mot Oldens Steffen Melheim, som har aldersrekorden i klassa.
Her er lista over dei lokale deltakarane frå AKS-77 og Norna-Salhus:
AKS-77:
J16: Stina Leivestad Morvik (slegge).
J17: Anna Leonora Isdal Dolmen (diskos, kule, slegge og spyd), Ingrid Sætre Ellingsen (200 meter og 400 meter), Linnea Thorsheim (lengde og tresteg).
G15: Even Langøy (2000 meter og 800 meter), Johannes Hopland (2000 meter og 800 meter)
G16: Philip Morken (3000 meter og 800 meter), Sivert Leivestad Morvik (slegge og spyd).
G17: Andreas Vik (diskos, kule og slegge).
Norna-Salhus:
J15: Nina Ekroll Jaidi (diskos, kule, slegge og spyd), Tiril Bergheim (200 meter).
J16: Anne Øi Tharaldsen Danielsen (300 meter hekk), Julie Bakke Liland (100 meter, 200 meter, 300 meter hekk, 80 meter hekk og lengde).
J17: Celina Opheim Schicht (tresteg)
G15: Emil Johann Helgesen (100 meter og 200 meter), Halvard Martin Melsås (diskos, kule, slegge og spyd).
G16: Agash Thileep (100 meter og 200 meter), Hendrik Hodne Eliassen (3000 meter), Luka Bergheim (200 meter og 300 meter hekk).
G17: Fredrik Haavardstun Gullachsen (200 meter og 400 meter), Gaute Øymo Mælen (100 meter og 200 meter), Kasper Fjeldstad (300 meter hekk og lengde), Kristoffer Hopland, Simon Cruz Fjeldstad (100 meter og 200 meter), Tobias Kvamme Myhr (100 meter og 200 meter).
Kommentarer til denne saken