[NETTAVISEN]: Amedia har sikra seg rettane til Liverpool sine treningskampar mot Stuttgart og Red Bull Salzburg førstkommande laurdag og tysdag. Dette betyr at du kan sjå kampane med ditt digitale Nordhordland-abonnement.

Kampane blir dei to einaste for Merseyside-laget før Community Shield-møtet med Arsenal på Wembley neste helg.

Klopp: – Heile familien held med Stuttgart

Liverpool-troppen er allereie på treningsleir i Austerrike, der kampane blir spelt, og manager Jürgen Klopp ser fram mot å teste mannskapet sitt mot gamle kjenningar.

– Eg er faktisk fødd i Stuttgart, og det var laget eg heldt med som barn. Eg har sjølvsagt spelt mot dei i Bundesliga nokre gonger allereie, og eg er vaksnen no, så det er ikkje det same forholda lenger. Men heile familien min heime held med Stuttgart, seier Klopp til Liverpools heimeside.

Kampen blir den første mellom Liverpool og Stuttgart på 40 år – også i 1980 møttest laga i ein treningskamp.

Like lenge er det ikkje sidan førre møte mellom Liverpool og Red Bull Salzburg. Laga møttest nemleg i gruppespelet i Champions League førre sesong. Det enda med 4-3-siger for Liverpool på Anfield og 2-0-siger på Red Bull Arena.

– Det er ikkje så lenge sidan vi spelte mot dei og henta Taki (Minamino) derfrå. Sadio (Mané) spelte der og Naby (Keita) spelte der. Det er bra, men når alt kjem til alt, handlar det berre om at vi kan spele kampar. Det er ikkje dei viktigaste kampane i verda, men akkurat no er dei veldig, veldig viktige, fordi vi ønsker å sjå at gutane igjen kan gjere dei tinga vi meiner dei skal gjere i kamp. Første sjansar kjem 22. august, seier Klopp.

Liverpool-Stuttgart, som blir spelt 18.00 laurdag, og Red Bull Salzburg-Liverpool, som har avspark 16.00 tysdag, ser du på direktesport.no.

Eigen Direktesport-app

Direktesport gir deg blant anna kampar frå Toppserien, PostNord-ligaen, Norsk Tipping-ligaen, Rema 1000-ligaen, første divisjon ishockey, eliteserien i basket og volleyball, og trav kvar onsdag og laurdag.

No har Direktesport også lansert ein eigen app for Apple-TV og smart-TV.

Med vår smart-tv-app kan du sjå Avisa Nordhordland direktesport på AppleTV, Samsung og LG. Du installerer tv-appen der du finn appane på eininga di.

Les også: Her får du tilgang til sporten på din smart-tv

Klikk på bildet for å forstørre. APP: Direktesport har lansert en egen app hvor du kan se sendingene LIVE.

APP: Direktesport har lansert ein eigen app der du kan sjå sendingane LIVE.