Det er nok dei aller, aller færraste.

Men tysdag kveld var vedtaket i fylkestinget altså ein realitet. Bokbåten Epos, som har vore ein kulturinstitusjon i Nordhordland, Hordaland og Sogn og Fjordane, i 61 år er historie.

Og det stod distriktspartiet Senterpartiet, med vår eigen fylkesordførar Jon Askeland, i spissen for.

SV, Ap, MdG, KrF, Venstre og Høgre gjekk også inn for å gje bokbåten nådestøytet.

Dermed var også lokale fylkespolitikarar som Nina Bognøy (Ap), Kristina Vaktskjold Hamre (KrF), Trude Brosvik (KrF) og Karl Vågstøl (H) med på den historiske dødsdommen.

Og verdt å merke seg: ikkje berre avviklar styringspartia i fylket bokbåtdrifta, men dei bryt også med si eiga politiske plattform der bokbåttilbodet skulle vidareutviklast.

Fører veljarane bak lyset

Slik fører dei veljarar og innbyggarar bak lyset. Saka illustrerer politikarane sitt store problem om dagen som vi føler skjer hyppigare og hyppigare.

Det kostar dei tilsynelatande ikkje ein kalori å bryte løfter lenger. Og haldninga verkar felles på tvers av partigrenser og politisk nivå.

Men slik Senterpartiet operer nasjonalt, skulle ein tru fylkespartiet for Vestland har brote ut og fått aksept for å køyre si eiga linje.

Avisa Nordhordland har vore kritisk til Jon Askeland og Senterpartiet etter samanslåinga til Vestland fylke. Bokbåt-nedlegginga er eit vedtak som ytterlegare bekreftar kvifor. (Sjå Jon Askeland sitt svar her: Ta ballen, ikkje mannen, redaktør Nydal)

Partiet verkar meir opptatt av å skaffe seg posisjonar enn å gjennomføre den distriktspolitikken dei snakkar så varmt om.

Vi kunne sjølvsagt arrestert dei andre partia og politikarane også i større grad, men det er no ein gong slik at det er Senterpartiet som profilerer seg som partiet for distrikta. Og eit tydelegare distriktstilbod enn bokbåten, er knapt mogleg å finne.

Hadde 14 lokale besøk på programmet

Det finst legitime argument for nedlegging av bokbåten. Det erkjenner vi.

Men vi meiner politikarane hadde fått større forståing ved å være ærlege. Dei må lage realistiske partiprogram og realistiske samarbeidsavtalar. Kommunisere ærleg - både i forkant av val og når samarbeid blir inngått.

Her har dei gjort det stikk motsette. Frustrasjonen blir ditto stor.

Bokbåten har vore nedleggingstrua ei rekke gonger tidlegare og Avisa Nordhordland har ikkje lagt skjul på vår ståstad i saka.

Allereie i 2015 gjekk vi ut med eit klart forsvar til bokbåten. Avisa sitt standpunkt har vore det same i nedleggingskampane i åra som har følgt.

Vi har meint fylket må sørge for at dette unike kulturtilbodet i Nordhordland og resten av Hordaland fekk bestå.

Hadde det ikkje vore for koronaviruset, skulle Epos i år besøkt Toska, Bøvågen, Nordanger, Masfjordnes, Matre, Andvik, Sande, Veland, Åsgård, Dalsgrend, Sævrås, Feste, Sletta og Holmeknappen.

Borna her må no sjå langt etter tilsvarande kulturopplevingar som bokbåten ville gitt. At fylkeskommunen i staden vil legge til rette for ei tilskotsordning for bibliotektilbod er ei mager trøyst som ikkje kan erstatte magien til bokbåten.

Leiaren av Radøy Senterparti kritisk

Reaksjonane har vore sterke allereie i forkant av vedtaket tysdag kveld.

Forfattar Gunnar Staalesen kalla det i Bergens Tidende ein skamplett for alle partia som eventuelt gjekk inn for nedlegging.

Bergens Tidende-kommentator Jens Kihl påpeikar at bokbåten kunne segla vidare i heile Vestland berre for eit par politikarløner.

Leiar av Radøy Sp, Silje Namtvedt, har i eit debattinnlegg i Avisa Nordhordland gått ut med skarp kritikk både mot sitt eige parti og fylkesordførar Jon Askeland og hans samarbeidspartnarar.

Det synest vi er ganske oppsiktsvekkande.

Innlegget var mest for å lufte frustrasjonen. Ho hadde ikkje så stor tru på at innlegget ville føre til eit anna utfall av saka.

Må gjenreise tilliten

Det siste innbyggjarane treng no er bortforklaringar om korona og vanskeleg økonomi, at det er tøffe saker i fylkespolitikken og at vi alle må stå saman og sjå framover for å skape eit «sterkt Vestland».

Før vi kan tru på det, må politikarane sjølve gå foran og vise seg tilliten verdig.

Dei styrande partia i fylket har no ein tung jobb med å gjenreise tilliten. Viss politikarane legg seg på denne linja i fortsettelsen er vi redd for at tilliten deira er tapt i lang tid.

Veljarane bør sjølvsagt merke seg kva parti som avvikla 61 års kulturhistorie tysdag 09. juni 2020. Problemet er at dei er så mange at ein må leite godt for å finne alternativ. For ordens skuld; i denne saka heiter dei Frp, FNB, Raudt og Pensjonistpartiet.

Alt tyder på at livet i Vestland blir tøffare for innbyggjarane både i gamle Sogn og Fjordane og Hordaland. Koronaviruset har forverra ein frå før vanskeleg økonomi.

Kva godt har denne fylkessamanslåinga eigentleg ført til? Vi slit faktisk med å sjå noko.

Her det også vanskeleg for fylkespolitikarane å skylde på regjeringa si regionreform. Begge dei to fylka gjekk frivillig inn i dette prosjektet.