Avisa Nordhordland har kasta seg på «Black Friday»-trend og lanserer «superabonnement»: – Relevant for mange

Redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal kan no tilby eit nytt abonnementprodukt som gir deg over 70 lokalaviser landet rundt, i tillegg til Avisa Nordhordland, sjølvsagt,

Redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal kan no tilby eit nytt abonnementprodukt som gir deg over 70 lokalaviser landet rundt, i tillegg til Avisa Nordhordland, sjølvsagt, Foto:

Av

Få tilgang til over 70 andre lokalaviser ved å abonnere på Avisa Nordhordland. – Eg trur dette abonnementet er relevant for mange i regionen vår, seier redaktør Trond Roger Nydal.

DEL

«Black Friday», «Black Week» og «Black Weekend» har blitt eit internasjonalt fenomen. No har Avisa Nordhordland også kasta seg på sirkuset.

– Denne handelstrenden har blitt eit internasjonalt fenomen, også i form av handel på nett. Den trenden kan ikkje avisa la passere utan at vi også er med, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Relasjonar til andre distrikt

Redaktøren kan difor lokke med eit usedvanleg godt «Black Weekend»-tilbod på eit nyutvikla abonnementprodukt. I eitt og samme abonnement kan ein no få tilgang til Avisa Nordhordland og over andre 70 lokalaviser landet rundt.

– Mange i Nordhordland-regionen har også relasjonar til andre distrikt. Det kan vere ein stad ein har hytte, familierelasjonar eller jobbinteresser. Eg trur dette abonnementet er relevant for mange i regionen vår, seier Nydal.

Det er eigarkonsernet Amedia som har gjort abonnementet mogleg.

– Amedia består av over 70 lokalaviser landet rundt, samt riksavisa Nettavisen, og det er no laga eit abonnementprodukt som inkludererer nesten alle avisene. Dette abonnementet er unikt i Noreg og truleg i verda, seier Nydal.

– Enorm meirverdi

Med Nordhordland-regionen si sentrale plassering i nye Vestland fylke, meiner redaktøren abonnementet nærast er designa for strilane.

– Ved å velje eit +Alt-abonnement på Avisa Nordhordland, kan ein no lese nærliggjande aviser, som for eksempel Bergensavisen, Firda, Firdaposten og Sogn Avis. Eg er sjølvsagt heilt inhabil, men eg kan ikkje sjå ein betre måte å halde seg godt oppdatert på, seier Nydal.

Nydal understrekar at fokuset til redaksjonen i Avisa Nordhordland framleis er lokalt innhald.

– Vi jobbar målretta både med det journalistiske innhaldet og produkta våre for å vere så relevant som mogleg. Redaksjonen vår jobbar utelukkande med lokale nyheiter. Poenget med dette er at vi kan tilby dei som ønsker ein enorm meirverdi til ein relativt liten ekstrakostnad, seier Nydal.

Gjennom «Black Weekend» kan Nordhordland-sjefen difor lokke med ein +Alt-kampanje, der nye abonnentar får «superabonnementet» i ti veker for berre ti kroner. Det er også anledning for eksisterande kundar, både digitale og dei som har komplett, å endre abonnementet sitt til +Alt.

Kommentarer til denne saken