– 400 bedrifter seier nei til nedlegging av Austrheim VGS

Austrheim vidaregåande skule

Austrheim vidaregåande skule Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Dødsdømt skule kjempar for livet.

DEL

– Vi har eit samla næringsliv. Det er over 400 bedrifter som har stilt seg bak kravet om å behalde skulen, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) til NRK Hordaland.

Han kjempar ein desperat kamp for å redda skulen i kommunen sin.

LES OGSÅ: Austrheim vidaregåande skule har halvert talet på elevar som droppar ut

I samband med Hordaland fylkeskommune sitt forslag til skulebruksplan, vert det lagt opp til ei omfattande sentralisering. Austrheim skal leggast ned og mykje vert flytta til Knarvik. Men og Knarvik VGS vil mista linjer som igjen vert flytta til Åsane.

LES OGSÅ: Skuleleiinga ved Austrheim vidaregåande har tatt tak

Ute i distrikta i Nordhordland fryktar ein for konsekvensane.

På Fedje er ein livredd for at familiane vil følga etter ungdommen når dei må flytta vekk for å gå på skule.

– Frå øysamfunnet vårt er det ikkje mogleg å dagpendla til Knarvik. Så då er det snakk om å bu på hybel. I mange tilfelle vil då også foreldra flytta med, seier Fedje-ordførar Stian Herøy (H) til NRK Hordaland.

Han seier at fråflytting er alternativet om barnefamiliane forlet øya.

LES OGSÅ: Lærarar i bresjen for å profilere Austrheim VGS som havsportskule

Høyringsperioden for planen er no over, og målet er at saka skal opp til politisk handsaming i byrjinga av oktober.

Artikkeltags