Rustar opp for 45 millionar

SATSAR TUNGT: Frode Johnsen reknar med å legga igjen opp mot 45 millionar kroner i opprusting av Kjelstraumen. - Denne staden har eit enormt potensiale, seier Arna-mannen.

SATSAR TUNGT: Frode Johnsen reknar med å legga igjen opp mot 45 millionar kroner i opprusting av Kjelstraumen. - Denne staden har eit enormt potensiale, seier Arna-mannen.

Artikkelen er over 10 år gammel

Frisk satsing i Kjelstraumen.

DEL

Frode Johnsen frå Arna satsar friskt i Kjelstraumen, og reknar med å legga igjen 45 millionar kroner i opprustingsarbeid. Innan nokre få veker opnar Hege Ramsland vertshuset i straumen igjen.

- Denne staden har eit enormt potensiale. Eg hadde aldri overtatt gjelda frå tidlegare eigarar om det ikkje var heilt spesielle forhold som råda, seier Frode Johnsen til Nh.

Johnsen, som mellom anna er ein av to eigarar av Øyrane Torg i Arna, driv firmaet Frode Johnsen AS, og det er innunder dette det nye firmaet Kjelstraumen AS ligg.

Sjølv har han ikkje noko spesielt forhold til Austrheim og Kjelstraumen frå før, men då han fekk ein telefon frå banken om han var interessert i å overta den gamle gjestegjevarstaden, trong han ikkje veldig lang tid før han bestemte seg.

Får strandpromenade

Kjelstraumen ligg unekteleg fantastisk flott til midt i farleia. Johnsen legg ikkje skjul på at han ønskjer å gjera staden til ei verkeleg perle, for både turistar og fastbuande.

- Kjelstraumen skal vera ein plass både for folk som kjem med båt og folk som vil ut på tur. Vi lagar strandpromenade langs heile eigedomen, der folk kan gå tur, fiska eller kva dei måtte ønska.

Dette skal vera ein plass folk ønskjer å koma til, seier Johnsen til Nh.

Men det er ikkje tvil om at båttrafikken er vesentleg for Kjelstraumen, i alle fall i sesongen. Dette tar naturleg nok Johnsen konsekvensane av. 45 meter med ny djupvasskai er allereie under utbygging, og ytterlegare 80-90 meter med kai, samt fleire flytebrygger ligg også i opprustingsplanane. Og det stoppar ikkje der.

Nytt og moderne

- Vi har rive det gamle servicebygget, og her kjem det eit heilt nytt bygg med fullt sanitæranlegg, toalett og dusj, fortel han.

Når dørene opnar i Kjelstraumen igjen vert det også med nye og heilt moderne tilbod til alle gjestar som kjem sjøvegen. Noko anna var det aldri snakk om frå Johnsen si side.

- Skal du driva ei gjestehamn i dag er det tre elementære ting du må ha, og det er vatn, straum og breiband. Det skal folk få her i Kjelstraumen, gjennom fleire uttak, seier han.

Jobben i kaiområdet er ein ting, men det er slett ikkje berre her det vert rusta opp for tida. Både rorbuer, hytter, vertshuset og vegen er i ferd med å få eit ansiktsløft.

På litt sikt er det også planar om å laga det 150 kvadratmeter store sjøhuset om til eit fullisolert selskapslokale med skodde-veggar, slik at det kan opnast heilt opp.

Skamrosar kommunen

- Då vi overtok var det seks av rorbuene som ikkje var ferdige, og veldig mykje her var eigentleg ute av kontroll. No er alle 13 rorbuene klare til bruk, samt alle åtte hyttene. Vegen ned til anlegget er også bygt mykje opp, slik at hellinga vert lågare, fortel Johnsen som lovar at heile anlegget, både inne og ute, skal vera funksjonelt til båtseseongen startar.

Ei investering på 45 millionar kroner er mykje pengar, men Johnsen er optimistisk. Han kan også fortelja om stor samarbeidsvilje frå Austrheim kommune.

- Det finst garantert prosjekt med større inntening i byen, men der tar alt evinneleg lang tid. Å jobba med Austrheim kommune er ei sann fryd. Hadde det ikkje vore for dei hadde vi ikkje hatt ein sjanse å få dette til, seier han til Nh.

Gamal kjenning

Frode Johnsen er den nye eigaren i Kjelstraumen, men den daglege drifta er det ein gamal kjenning som skal stå for.

Hege Ramsland, som dreiv staden mellom 2001 og 2003, er no tilbake, og snart klar for å opna dørene igjen.

- Eg har eige aksjeselskap som leiger hjå Frode. Eg skal stå for drifta av vertshuset, restauranten og det heile utanom sjøbuene, seier ho til Nh.

På sikt er planen at også sjøbuene skal inn i same systemet, men inntil vidare skjer utleige av desse via moderselskapet til Frode Johnsen.

400-årsjubilant

Hege Ramsland ser fram til å koma i gang igjen for alvor. No pussar ho opp til den store gullmedalje, og innan nokre veker skal det tradisjonsrike vertshuset vera klart til opning.

- I første omgang skal første etasje rustast opp, og så kjem andre etasje litt etter kvart. Planen er å få litt meir stil over det heile, fortel ho.

Gjestegjevarstaden i Kjelstraumen fyller smått utrulege 400 år i 2010. Den 20. juni 1610 fekk Hans Nilsson løyve til å driva gjestegjevarstad her, og med unntak av nokre år på 60- og 70-talet har det vore kontinuerlig drift på staden.

- Til sommaren vert det sjølvsagt ei markering av dette, seier Ramsland til Nh.

Artikkeltags