Radøy sin nye brannsjef

NY BRANNSJEF: Ny brannbil og ny brannpumpe står for døra for den nye brannsjefen i Radøy, Stein Ove Valdersnes (39). foto arthur kleiveland

NY BRANNSJEF: Ny brannbil og ny brannpumpe står for døra for den nye brannsjefen i Radøy, Stein Ove Valdersnes (39). foto arthur kleiveland

Artikkelen er over 4 år gammel

Stein Ove Valdersnes (39) er tilsett som ny brannsjef i Radøy.

DEL

Stein Ove Valdersnes går inn i det nye året med nye oppgåver. Han overtek jobben etter Rolf Henning Myrmel, som både var brannsjef i Radøy og Austrheim, men som heretter berre skal han ansvar for brannvernet i Austrheim.

LES OGSÅ: – Glad vi var heime

19 totalt

Den nye brannsjefen har vore tilknytt brannvernet i Radøy sidan 2003. Stillinga som brannsjef utgjer 25 prosent. I tillegg er Valdersnes tilsett på veg, vatn og teknisk avdeling i Radøy kommune.
 

– Eg går inn i jobben med godt mot, og gler meg til samarbeidet med mannskapa i Radøy brannvern, seier Valdersnes. Staben tel 19 mann inklusive brannsjefen.

LES OGSÅ: – Pass på i julehøgtida

Trena mannskapet

Han framhevar at dei går ei spennande tid i møte, ikkje minst når det gjeld organiseringa av brannvernet i Norge.
 

- Vi veit at det vil koma endringar i samband med kommunesamanslåinga, og utifrå brannstudien som er gjort på landsplan, seier han.
 

Valdersnes fortel vidare at ein viktig del av jobben vert å tilrettelegga for utvikling og trening av mannskapet for å ivareta tryggleiken til innbyg-garane i kommunen.

LES OGSÅ: Brann på kjøkken på Frekhaug

Best mogleg budd

– Ny brannbil, som er under bygging, og ny brannpumpe til tankbil, er til stor inspirasjon i det vidare arbeidet i brannvernet, seier Valdersnes som gler seg til å ta fatt på nye oppgåver som brannsjef på den grøne øya.

LES OGSÅ: Frykta for husa sine under julebrannen

Artikkeltags