– Dette er fridykkarars mekka!

STEINBIT: Roy Kristiansen og Erling Boge fekk kvar sin steinbit på 10,1 og 6,1 i kilo. – Desse tok vi på 10 meters djup, seier Erling. 
Foto: Irene Bratteng Jenssen

STEINBIT: Roy Kristiansen og Erling Boge fekk kvar sin steinbit på 10,1 og 6,1 i kilo. – Desse tok vi på 10 meters djup, seier Erling. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Erling Boge, som feira 24-årsdagen sin med andre fridykkar-entusiastar, har vore med kvart år sidan han var 14 år. – Like kjekt kvart einaste år!

DEL

Fridykkartreffet, som har vorte arrangert i regi av Frivannsliv kvart år sidan 2005, hadde i år 10-årsjubileum i fantastisk vêr.


Fridykkar-entusiastar frå Norge, Sverige, Danmark, Litauen, Russland, Polen og Tyskland smala seg i Fosnstraumen, kor dei dykka og jakta på fisk med harpun frå fredag til søndag. Dei fleste sov i telt, lavvo eller hengekøye rundt om kring i skogen under Fosnstraumbrua.

Feira bursdag i sjøen

Erling Boge, som laurdag fylte 24 år, har vore med på arrangementet kvart år sidan har var 14. Dei siste tre åra har bursdagen vorte feira i Fosnstraumen.


– Det er ein grunn til at eg vel å vera her, i staden for heime med familien, seier Erling, som tok fridykkarsertifikatet allereie som 12-åring.


– Det er utruleg kjekt og sosialt å vera her. Her vert ein kjend med, og skaper vennskap med folk frå andre stader i Norge, og ikkje minst Europa. Det er fantastisk å dela erfaringar med folk som har same interesse som ein sjølv, seier han.


Boge skryt av det gode miljøet og stemninga.


– Her er det ikkje fokus på å vera best og å fanga den største fisken. Vi berre koser oss saman og har det veldig gøy, seier bursdagsguten, som neste år skal på utveksling i Australia, kor han mellom anna gler seg til å dykka i Great Barrier Reef.


– Eg håper likevel eg rekk å vera med på fridykkartreffet neste mai, dette er noko eg gler meg til kvart år, seier han.

Frå 15 til 50

I starten av mai trekk fisken opp frå djupet og kjem opp mot grunt vatn, det er difor perfekte forhold for fridykkarane på denne tida av året.


– Fosnstraumen eit paradis å dykka i – det er fridykkarars mekka, seier Simen Wilberg og Børje Møster i Frivannsliv, som har vore me då arrangera treffet sidan starten.


I 2005 var det i underkant av 15 stk som kom for å dykka, jakta på fisk og dele erfaringar med likesinna. I år har det vore rekordmange frammøtte, med om lag 50 fridykkarar.


– No begynner denne sporten for alvor å ta av, eg trur vi snakkar om ein fridykkar-revolusjon! Den fantastiske opplevinga ein får i havet ved å driva med dette, er magisk, seier Wilberg, som trur interessa for fridykking kjem til å veksa med åra.


Møster oppfordrar fleire frå Nordhordland til å testa ut fridykking.


– Det er rart at ikkje folk som kjem herifrå har oppdaga moglegheita dei har i nærmiljøet. Neste år håper eg å sjå fleire lokale på fridykkartreffet, seier han.

Artikkeltags