– Vis omsyn, la bilen stå

STARTEN: Søndag er det igjen klart for sykkelrittet Nordhordland Rundt.Arkivfoto: Morten Sæle

STARTEN: Søndag er det igjen klart for sykkelrittet Nordhordland Rundt.Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag vert Nordhordland Rundt på sykkel arrangert for åttande gong.

DEL

Løpet i 2015 er det åttande i rekka, og eit stort apparat er i sving for å få alt på skinner. Arrangør er Nordhordland Sykkelklubb.

– Vi oppfordrar alle som kan til å la bilen stå og visa omsyn, seier leiar i klubben, Atle Waage.

I tur-rittet kan ein delta frå det året ein fyller 17. Trimrittet utan tidtaking er ope for alle.
Som tidlegare år går starten frå Alversund skule. Første start går klokka 09.30, seeda pulje 1 startar klokka 10.00, deretter startar puljane med fem minutts mellomrom.

LES OGSÅ: Vil ha fleire i trimrittet

– Forventa målgang på Tveiten for seeda pulje 1 er om lag klokka 12.10, seier Waage.
Løypa går frå Alversund skule, via Radøy over Sletta, hovudvegen gjennom Austrheim til Lindås. Deretter gamlevegen frå Lindås til Vågseidet, hovudvegen til Seim, bygdevegen forbi Seim over Skaret og til mål på Tveiten. Lenga på rittet er 90 km.

Maks 800 deltakarar

Dei siste tre-fire åra har rittet vore fullteikna, og det er sett grense på 800 deltakarar.

– Endeleg deltakartal er først klart på rittdagen sidan det er høve til påmelding heilt fram til start, seier Waage.

Med 800 deltakarar er Nordhordland Rundt no det nest største turrittet i kretsen etter Bergen-Voss.

LES OGSÅ: Turgåing gav sykkelglede

– Løpet er hovudinntektskjelda for Nordhordland Sykkelklubb. I tillegg gir rittet gode dugnadsinntekter for våre samarbeidspartnarar på vakthald frå Sæbø skulemusikk, Røde Kors og NAF MC som køyrer frontsyklane til kvar pulje, seier Waage.

Rekordar

Løyperekorden for menn er det Kjetil Isaksen, Vossevangen CK som har med tida 2.11,32 sett i 2014.

For kvinner er rekorden 2.11,38 sett av Vita Heine, Bergen CK same år.

Artikkeltags