- Usmakeleg

Jan Nordø reagerar på eit utsegn frå Per Lerøy i Avisa Nordhordland 21.september.

Jan Nordø reagerar på eit utsegn frå Per Lerøy i Avisa Nordhordland 21.september. Foto:

Av
DEL

MeiningarI samband med valet i Austrheim kjem ordførar, Per Lerøy, i Avisa Nordhordland 21.september med denne hjartesukken om kritikken mot han: «Nokon av personangrepa har vore tilnærma usmakeleg, og det synes eg ikkje noko om. Mykje av det som har blitt skrive på nett, burde ikkje bli skrive. Vi må få et betre klima i politikken når det kjem til å kritisere.»

Ap-ordføraren syner ein rørande omtanke for seg sjølv. Like rørande er ikkje den totalt manglande sjølvkritikken i forhold til personar og lister han sjølv har retta «usmakelege personagrep» mot.

Den velkjende svertinga av Atle Utkilen like før valet, råka ikkje berre ordførarkanditaten langt under beltestanden, men òg Bygdelista, som var på nippen til å få inn to i kommunestyret. Grove usanningar frå ordføraren blei av veljarar oppfatta som sanne. Eg veit at fleire som hadde tenkt å stemma Bygdelista, snudde i døra.

Den usmakelege svertinga kan i tillegg til tap for Bygdelista ha avgjort ordførarvalet til Lerøy sin fordel. Det var ikkje langt unna ei fleirtal for Høgre, Sp og Bygdelista etter at KrF trekte seg. Berre eitt mandat mangla for å få til eit regimeskifte, noko ein samla opposisjon eigentleg ønskte. Slik blei det dessverre ikkje.

Lat oss likevel håpa at vi får eit klimakskifte i Austrheim der konstruktiv politikk og ikkje baksnakking og trakassering vert hovudingrediensen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags