Det seier Britt Rebnor. Saman med Jostein Hauge og fleire andre tar ho imot dei som kjem for stemma på nytt sokneråd i kommunen, i eit av dei tre vallokala; kyrkjelydshuset i Austrheim.

Mange førehandsstemmer

- Vi veit at mange har førehandsstemt, men synest likevel at oppslutnaden i dag har vore god, seier Hauge.

Dei har begge vore på plass sidan før vallokala opna, og skal vera på vakt til dørene stenger klokka 21 i kveld.

Kandidatane

Kandidatlista til soknerådsvalet i Austrheim er: Arne Ivar Lerøy, Anny Helene Bertelsen, Sylvelin Strømmen Fonnes, Jusu Fallah Gyflan, Britt Ellen Leikvoll Ystebø, Henrik Nielsen, Bjørn-Helge Olsen, Anita Bakke, Svein Tomas Villanger, Margrethe Drange, Inger Irene Synnevåg, Kine Alfredsen Lerøy, Trond Einar Sørensen, Helge Dyrkolbotn, Jorunn Laila Kårdal, Stein Kåre Løvslett, Kjell Dahle, Linn Lerøy, Einar Austrheim, Inge Monrad Bergsvik.

Det er førebels uvisst kortid resultatet av kyrkjevalet vil vera klart.