– Det ser dårleg ut for framtida til Austrheim

SKREKKFILM: Kristoffer Vikene (17) og Erlend H. Krokene (17) vågar ikkje satsa på ei framtid og jobb i Austrheim. – Det vil vera som å spela i ein skrekkfilm; ein veit aldri kva som skjer – ein går berre rundt å ventar på å få sparken

SKREKKFILM: Kristoffer Vikene (17) og Erlend H. Krokene (17) vågar ikkje satsa på ei framtid og jobb i Austrheim. – Det vil vera som å spela i ein skrekkfilm; ein veit aldri kva som skjer – ein går berre rundt å ventar på å få sparken Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette er katastrofe for heile regionen. Å raffinera Johan Sverdrup-olja på Mongstad kunne vore ein vinn-vinn situasjon, seier Lendy Stormark.

DEL

Onsdag kom nyheiten om at Statoil droppar Sverdrupraffineringa på Mongstad. Torsdag formiddag var Avisa Nordhordland i Austrheim for å lodda stemninga blant innbyggarane i kommunen. Det er ingen tvil om at gigantprosjektet som no vert skrinlagt er det store samtaletema.

LES OGSÅ: Mykje dårleg nytt for oss.

–Katastrofe for regionen

På Mastrevik Torg sit ein gjeng med pensjonistar rundt eit bord. Dei legg ikkje skjul på at Statoil sin avgjering kjem til å påverka heile regionen i lang tid.

– Statoil Mongstad er ein hjørnesteinsbedrift for regionen, og det at dei no har vald å kutta ut prosjektet er ein katastrofe. Å raffinera Johan Sverdrup-olja på Mongstad kunne vore ein vinn-vinn situasjon. Hadde prosjektet blitt noko av kunne vi mellom anna sett fram til vidare vegutbygging, seier Lendy Stormark, som gjennom 35 år jobba på Mongstad.

Stormark trur pengane Statoil no sparar inn på å droppa prosjektet, på sikt likevel vil gå vekk.

LES OGSÅ: NHH-forsker forstår godt at Statoil vender tommelen ned

Høgare arbeidsløyse

Benthe Christiansen meiner Austrheim, Lindås og Radøy kunne ha nytt godt av at Sverdrup-olja hadde vorte raffinert på Mongstad.

– Prosjektet på Mongstad hadde dratt med seg mykje positivt. På grunn av anleggstrafikken hadde vi fått betre vegar og det hadde vorte lågare arbeidsløyse, seier Benthe Christiansen.

– No vert det høgare arbeidsløyse – det er heilt sikkert. Det er noko vi ser allereie; Eg veit om folk som har jobba som ingeniørar på Mongstad, som har vorte sagt opp. Det at folk ikkje har jobbar i gå til førar igjen til dårlegare levevilkår, seier Christiansen.

– Bustadprisane rasar

Christiansen fryktar folk kjem til å flytta frå Austrheim fordi det i framtida ikkje finst jobbar.

– Vi kan heller ikkje ta inn fleire innvandrarar, fordi vi ikkje har noko å tilby dei, og kommunen ikkje har skattepengar, seier ho.

– Denne situasjonen er øydeleggande for heile regionen, for på sikt vil også bustadprisane rasa; ein får ikkje leid ut, og ein får lite igjen for dei ein har. Eg trur folk kjem til å søka jobbar ut av regionen, og til slutt vert det ingen igjen her, seier Christiansen.

LES OGSÅ: Droppar Sverdrup-raffineringa på Mongstad

Drøymde om jobb

Kristoffer Vikene (17) og Erlend H. Krokene (17), som kjem frå Austrheim, drøymde begge om jobb på Mongstad. No er dei glade for at dei bestemte seg for å ikkje satsa på ei framtid i Austrheim. Denne veka er dei på haustferie i heimkommunen.

– Begge foreldra mine jobba på Mongstad. For nokre år sidan fekk min far jobb i Canada. Planen var at vi skulle flytta tilbake til Austrheim, men på grunn av uvissa rundt jobb på Mongstad, valde vi å flytta ein heilt annan plass i Norge. Eg såg for meg å busetta meg i Austrheim og jobba innan IT på Mongstad, men det tør eg ikkje satsa på lengre, seier Erlend.

– Ser dårleg ut

17-åringane veit om fleire som har flytta på grunn av situasjonen på Mongstad.

– Det ser dårleg ut for framtida til Austrheim. Det er ikkje rart folk flytter herfrå når folk ikkje får behalda jobbane sine, og det er så stor uvisse rundt arbeidsplassar, seier Kristoffer.

Erlend meiner det å satsa på ein jobb på Mongstad er dødfødd.

– Det vil vera som å spela i ein skrekkfilm; ein veit aldri kva som skjer – ein går berre rundt å ventar på å få sparken.

LES OGSÅ: Slik skal ordføraren få Statoil til å snu

Er uroa

Lærar på Kaland skule og leiar i Utdanningsforbundet i Austrheim, Geir Follesø meiner det er grunn til å vere bekymra for situasjonen.

– Ein gjer seg jo nokon tankar om korleis framtida til Statoil Mongstad no ser ut. Og ikkje berre det; alle bedriftene i Nordhordland som lever av å levere tenester til Statoil Mongstad. Vi ser allereie no at det er foreldre til barn i skulane våre som er permittert eller oppsagt. Vi som jobbar i offentleg sektor er i stor grad avhengig av inntektene frå det lokale næringslivet, så dette kan på sikt bety nedskjeringar i kommunebudsjetta også, seier Follesø.

Follesø trur ikkje han er den einaste som er uroa.

– Eg trur mange er uroa på grunn av denne situasjonen, seier han.

Han meiner det er viktig at politikarane no er på hugget.

– I den situasjonen vi no er i, med vanskelege tider for næringslivet på vestlandet, er det viktig at staten tek grep og gjer investeringar som held oppe aktiviteten og sikrar kompetansen i oljeindustrien. Statoil er trass alt ein statsbedrift, og då er det ekstra viktig at dei gjer investeringar i desse tider, seier Follesø.

– Nesten 70% av aksjane i Statoil er eigd av den norske staten. Eg meiner det er på høg tid at regjeringa og olje- og energiministeren vaknar frå dvalen, og instruerer Statoil si leiing til å gjera dei planlagde og naudsynte investeringane på Statoil Mongstad, seier Follesø.

Artikkeltags