Jobbar opp juniorlaga

G14: Gutane lar seg ikkje stoppa av stiv kuling som bles vekk ballar og sekkar, fotballtreninga går som planlagd. På kunstgrasbana på Austrheim er det full aktivitet heile veka. ALLE FOTO: Morten Sæle

G14: Gutane lar seg ikkje stoppa av stiv kuling som bles vekk ballar og sekkar, fotballtreninga går som planlagd. På kunstgrasbana på Austrheim er det full aktivitet heile veka. ALLE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

AUSTRHEIM: Sesongen 2014 vart den første i Austrheim utan seniorlag på 40 år. Men i dei yngre klassene blomstrar fotballinteressa.

DEL

– Vi har god rekruttering, og ambisjonen vår er å stable på beina eit G16 og G19-lag om nokre år, seier fotballformann Sjur Brandtun. Han legg ikkje skjul på at det er utfordrande for ein liten klubb å sikra god rekruttering og stabilitet i laga.

– Som så mange andre stader er utfordringa å halda på spelarane gjennom fråfallsperioden i 12-13-årsalderen, og igjen rundt 16–17. Det ser det ut som vi vil lukkast med, seier Brandtun.

– Motoren ligg i å etablera eldre ungdomsfotball.

Litt av oppskrifta til suksess meiner han ligg i samarbeid på tvers av årsklassane.

Jobbar på tvers

Klubben prøver å jobbe litt på tvers, og ser dei ulike ungdomstrinna saman for å bygga ein god fotballkultur. G12 samarbeider med G13 for å få eit 11´er-lag, det same gjer 2005 og 2004. Det trur eg kan vera nøkkelen til å få på plass gode ungdomslag, seier han.

Aktivitet heile veka

På kunstgrasbana som vart opna i 2010 er det full aktivitet heile veka. Då Nh vitja bana mandag kveld var det J13 og G14 som hadde trening, trass i bitande vind som blåste vekk både fotballar og sekkar, men spelarane lar seg ikkje forstyrra av det.

– Det er ikkje fullt så mange her som det pleier vera, mange er ute med sjukdom, seier Brandtun.

Klubben står sjølv for vedlikehaldet av bana, som vert gjort på dugnad. Gjennom vinteren har bana vore open sjølv om det har falt mykje snø. Brandtun har sjølv gjort ein innsats i brøytetraktoren for å halda den grøne matta fri for snø.

– Vi har jobba hardt for å halda aktiviteten i gang. Vi brukte 20 timar i traktoren for å halda banen open i tre dagar, men det var verdt det, seier han, og rosar det kommunale idrettsanlegget.

Godt samarbeid

– Vi har eit veldig godt samarbeid med kommunen, seier han. No ventar dei på ferdigstilling av det nye klubbhuset.

– Huset vil bli eit viktig samlingspunkt for aktivitet, både reint sportsleg og organisatorisk. Med fotballen prøver vi å skapa eit miljø der ein får venner for livet. Han seier det ikkje har vore noko problem å få trenerkrefter frå foreldregruppa, men ein større utfordring å få på plass styre og administrasjon.

– Det er mange måtar å bidra på sjølv om ein ikkje vil vera fotballtrenar, er ein interessert i å gjera ein jobb administrativt er det berre å melda seg, oppfordrar Brandtun.

Artikkeltags