AUSTRHEIM: AS Austrheim Næringsselskap vert tildelt tilskot for 2015 med kroner 116. 000, dekka frå kommunestyre si tilleggsløyving.

Det vart bestemt i kommunestyre torsdag. Jorund Stellberg (H) stilte seg skeptisk til at dette skulle prioriterast, sett i lys av kutta som kom i budsjettet, både innan helsesektoren og tilbodet til psykisk utviklingshemma.

LES OGSÅ: Kommunen avviste klage frå hytteeigar

Høgre fremja forslag om å avslå søknaden om tilskot, men blei stemt ned med 11 mot seks stemmer.