Kvart år må ho fornya sertifikatet sitt. Eigentleg skulle det vore gjort før 16. januar.
 

- Men eg har vore sjuk så det måtte utsetjast litt, seier Austrheim.
 

Utan gyldig førarkort våga ho ikkje kjøra sjølv til Biltilsynet i Knarvik for å få papira i orden.
 

- Eg fekk ein kar til å kjøra meg. Kunne ikkje ta sjansen på at eg skulle bli stoppa utan gyldig sertifikat, seier ho.
 

Då ho først kom seg dit, var alt i orden.
 

- Det skulle då berre mangla. Det er berre eit år sidan sist eg fornya sertifikatet mitt, seier ho.

Mange dumme spørsmål

Kvinna som er fylt 94, er oppgitt over alt det merkelege som legen kan finna på å spørja om i samband med legeerklæringa som er obligatorisk når sertifikatet skal fornyast. Utan den vert det ikkje noko gyldig førarkort.
 

- Eg vert spurt om alt mogleg frå klokka, til å telja baklengst, eller om kva land eg bur i, og mykje anna. Eg vert litt forarga på alle desse spørsmåla, for eg veit at andre slepp mykje lettare frå det, seier Austrheim.

Dårleg fot

Men gyldig sertifikat må ho ha. Ho kan rett og slett ikkje tenkja seg ein kvardag utan.
 

- Eg er så dårleg i ein fot, at om eg skal koma meg nokon veg, så må eg kjøra bil, seier ho.
 

Lange turar vert det ikkje. Men ho kjører gjerne på besøk til slekt og vener i nærmiljøet, og så har ho sine faste kjøreturar på butikken.
 

– Eg kjører til Lindås, men skal eg til Knarvik, må eg ha nokon med meg på grunn av den dårlege foten. Og då kjører gjerne dei, seier ho.
 

Den vitale dama seier at ho tar bussen om ho skal besøka dotra i Bergen.
 

- Då kjører eg til buss-stasjonen på Mastrevik og parkerer der, seier ho.

Ny bil etter fylte 90

Gina Austrheim kjøpte seg flunkande ny bil for to år sidan.
 

- Den er eg framleis veldig godt fornøgd med. Den går som ei klokke, seier 94-åringen som ikkje har planar om å gje seg med bilkjøringa med det første.