Bil har køyrd av vegen i Austrheim

DEL

110 sentralen på Twitter melder at ein bil har køyrd av vegen ved Storemyra i Austrheim kommune.

Det skal ikkje vera snakk om store materielle skader.

– Det er sleipt på staden og bilen skal ha stoppa i eit tre, seier operajsonsleiar Helge Blindheim til avisa Nordhordland.

Ulukka vart meldt klokka 1047 og klokka 1102 var ambulansen på staden.

Den kvinnelege bilføraren skal ha vore oppegåande, men klaga på smerter i nasa. Ho er sendt til Haukeland universitetssjukehus for ein sjekk, då ulukka skal ha skjedd i relativt stor hastigheit.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Det vert oppretta sak på hendinga, for å få klarheit i kva som har skjedd.

Artikkeltags