Brannvesenet rykka ut for å sjekka røyk frå bygg
Artikkelen er over 1 år gammel
Austrheim brannvern rykker ut til eit hus på Mongstad for å sjekka røykutvikling frå eit bygg.
Det melder 110-sentralen på Twitter.
Heldigvis viste det seg ikkje å vera så dramatisk som først antyda.
– Det viste seg å vera arbeid på eit tak, så har røyken trekt inn i ventilasjonsanlegget, seier vaktkommandør ved brannvakta i Bergen, Peter Nordgreen til avisa Nordhordland.
Det førte til at leigetakarane i bygget reagerte og kontakta brannvakta.
– Brannvesenet er no framme på staden og gjer ein kontroll på staden, seier Nordgreen.