– For ein del handlar det om konkurransen, men det bryr ikkje eg meg noko om. Eg vil jo helst at alle skal gjera det bra, eg. Men for miljøet og for dei framtidige saueflokkane er kåringssjåa veldig viktige, seier Lindås-bonden Reidar Kallestad til Nh.

Seks eller høgare

Sjølv hadde han med seg 24 verlam til landets største kåringssjå, som vart arrangert i samband med Landbruksdagen på Austrheim lørdag. Heile 259 verlam frå fire ulike rasar vart nøye vurdert av kvalifiserte dommarteam på til saman ni personar.

Les også: No kan du søka produksjonstilkskot

Lamma til Kallestad var det Gisle Hop Fjæreide og Simen Skjoldal Vik som vurderte. Dei skryt av kvaliteten på dyra.

– Reidar har veldig fine lam, og den jamne kvaliteten her er også bra. Det har vore eit godt år i år, seier Fjæreide til Nh.

Saman med Vik vurderer han verlamma utifrå kvalitet på bein, ull, kropp, testiklar og talet på spenar. Heilskapsinntrykket er viktig, men alle kriteria må stå til karakteren seks eller høgare for å verta vurdert. Dei beste lamma vert premiert med sløyfer, og desse er naturleg nok også mest populære når nye slekter skal produserast.

Heilt til topps

Kallestad sjølv er fornøgd etter å ha fått dommen frå dei som bestemmer. Han har ein flokk på 470 dyr som har beita på Hardangervidda i sommar, og det er liten tvil om at buskapen har fått godt med næring.

– Dyra er fine. Dei har litt dårlege føter, men det er det ikkje så mykje å gjera med. Her er mykje trilling- og firlinglam, fortel austrheimingen, som ikkje kan tenka seg eit liv utan sauedrifta.

Les også: Fann sauene etter åtte månadar til fjells

– Nei, den dagen eg ikkje har sau lenger, er eg ikkje mykje til kar, seier han til Nh.

Kallestad var ikkje snauare enn at eit av lamma hans gjekk heilt til topps i det største klassen, nemleg Norsk kvit.

– Det vart delt førsteplass i Norsk kvit. Både Anders Konglevoll og Reidar Kallestad hadde med seg lam som oppnådde 173 poeng, seier poengansvarleg Randi Undertun til Nh etter at alle resultata er klare.

Så sjølv om ikkje Kallestad bryr seg veldig mykje om konkurransen, fekk han i alle fall stadfesta at lamma hans har mykje å fara med.

Julemat

Landbruksdagen på Austrheim vart som vanleg ein stor suksess. At det regna og blas gjorde lite, for alle dei mest populære aktivitetane skjedde innunder tak. Kåringssjået trekte mange skodelystne, men også salsmessa inne i Austrheimhallen var populær.

Les også: Amanda til Folk ved Fjorden

Spesielt stor interesse var det for «Folk ved fjorden»-kjendisen og den lokale pølsemakaren Magnhild Dyrdal sin stand.

– No har eg kjøpt tre svangar og fått mange gode råd med på kjøpet. Det er tradisjon for meg å laga julematen saman med den yngste dottera mi, og tradisjonane skal vi halda ved like. Dette her er skikkelege kvalitetsprodukt, seier Eva Karin Bergsvik, ein av mange fornøgde kundar.